Treningskamp Aksla Stadion 11.08.2020.
AaFK Fortuna U20 vs Molde Kvinner U20
Etter over 5 månadar sidan siste kamp, så var det fantastisk for spelarane å kunne ta på seg drakta igjen og gjere seg klare til kamp. Ventetida har vore lang, men for dei spelarane under 20 år så er det no endeleg lov å spele kamp igjen.

Resultat : 1-1(0-1).
Dommar : Alf Furland.
Tribune : 110 tilskodarar.
Mål :
-0-1 27min. Vi er for utolmodige i «ramma» vår og bryte ut av posisjon, slik at vi blir spelt imellom og inn bak oss. Det utnyttar Molde sin angrepsspelar då ho avsluttar i mål frå litt skrått hald.
-1-1 48min. Daniela blir spelt igjennom på høgrekanten. Ho tek med seg ballen forbi Moldebacken, og sjølv om avslutninga ikkje er av den beste sorten, så går den i mål via Molde sin keeper.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Helle R. Olsen, Ellijanne Anderson
Solveig Engås(K), Danelle Bizohera, Jenny Fylling
Tuva Standal, Anna Brenne, Guro H. Røn
Bytter :
-46min. Tuva ut og Daniela Gudnadottir inn.
-46min. Danelle ut og Line Magerholm inn.
-63min. Vilde ut og Josefine Bjerknes inn.
-63min. Jenny ut og Karoline Olsen inn.
-75min. Kristine ut og Tuva Standal inn igjen.




Kampen :
På ein fantastisk flott Akslamatte er det heimelaget som startar best dei første 20-25 minuttane.
Vi skapar nokre dødballar, nokre nestenmulighetar og ein stor sjanse ved kaptein Engås.
Etter kvart kjem Molde meir med i kampen, og det er dei som styrar siste delen av omgangen.
Dei får spelt av det høge presset vårt og vi blir for upresise med ball.
Molde skårar også sitt mål i denne perioden.
Totalt sett ein førsteomgang der Molde si 1-0 leiing er ok etter spel.
I andreomgangen er vi det klart beste laget, og skapar 5-6 store sjansar til å avgjere kampen.
Daniela, Guro, Solveig og Karoline har gode mulighetar til å teikne seg på skåringslista.
Vi løyser det høge presset vårt mykje betre etter pause, samstundes som vi får satt opp fleire angrep med kontroll.


Kaptein Solveig Engås om kampen :
Utrolig gøy å endelig få spille kamp igjen. Med mange nye relasjoner manglet vi litt på samspill, men det bedret seg utover i kampen.
God innsats fra alle, både hospitanter og AaFK Fortuna-spillere. Etter flere store sjanser hadde vi både fortjent og ønsket å vinne kampen. Vi trener på videre og satser på seier i neste kamp.

Ein fin og utviklande kamp på Aksla i går kveld, med to lag som ynskjer å spele fotball med kontroll, som vil vere kreative bakfrå og som vil presse høgt. Ein slik tankemåte tru eg utviklar jente og damefotballen vidare.
Stor takk til våre «gjestespelarar» for ein strålande innsats i går. Tuva, Danelle og Line frå Herd og Josefine og Karoline frå Blindheim.

Alt på laurdag er det klart for ny kamp, då tek vi imot Molde G14 Nasjonal til kamp på Aksla. Avspark kl.13.00.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna