Trondheims Ørn 2 – FK Fortuna Ålesund

3.serierunde

Begge laga var ubesigra før dagens kamp, so det var klart for toppkamp
på Lade idrettspark i Trondheim.

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Camilla Smith-Nilsen, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly

Innbytte :
-46min. Stine R ut og Anna Fjørtoft inn.
-75min. Camilla ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.
-75min. Ingrid V ut og Helena Vattøy inn.

Slik kom måla :
10min. Mette vinn ballen, spelar opp på Vivian som legge tilbake til Mette.
Ho spelar glimrande til Kari i bakrom, som ser at keeper står litt ute og løftar den i ein perfekt bue i mål.
14min. Vivian serverar ein strålande corner, som Camilla møter på første stolpe og forlengar den strålande i mål i lengste hjørne.
1-2 52min. Etter ein Ørn-innlegg so klarerar vi ballen rett i beina på ein Ørn-spelar, som frå ca. 25 meter dunkar ballen i mål.
2-2 84min. Nytt Ørn-innlegg, nok ein gang får vi ikkje klarert godt nok og ein Ørn-spelar får plassert ballen i mål i lengste hjørne frå 14-15 meter.

Kampen :
Vi startar strålande, treff perfekt med kamp-planen og leiar 2-0 før det er spelt 15 minutt.
Vi står høgt, tenker framover og ser ofte etter Kari inn i bakrom og dette lykkast vi med.
Første 30 i dag er noko nært ein perfekt gjennomført bortekamp.
Vi er ved fleire høver nære ved å kunne gå opp i 3-0 leiing.
Siste kvarteret inn mot pause, so klarar Ørn å løfte seg og kjem høgare opp i bana.

Totalt sett ein god omgang, der det ikkje hadde vore feil om vi hadde hatt med oss endå ei skåring i garderoba.

I pausa er vi einige om at vi må fortsette i mykje av det same sporet og jakte 3-0 skåringa.

Kansje overdrive eg ? Uansett vil eg påstå at andreomgangen er nær ein kollaps !
Vi vel feil for ofte, opptrer ikkje samla og nesten alle spelarane ser ut til å gått heilt tomme for energi.
Uansett er vi heldige i sluttminutta at vi får med oss 1 poeng, då heimelaget har eit par gigantiske mulighetar til å avgjere.

Vi leve godt med 1 poeng i årets kansje tøffaste bortekamp, so får vi heller evaluere, nullstille og gå på
med ny giv då det alt neste helg er klart for ny bortekamp mot Tynset.

Kari Skovly var strålande i spissrolla i dag og saman med ei meget god Marthe i mål, var dei våre to klart beste spelarar.

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter