Som alltid om sommaren er det litt endringar i spelarstallane til klubbane. For vår del er det to fantastiske jenter som vi i denne gang må takke av i klubben.

Stine Osvold Muri kom til klubben frå SIF/Hessa i 2016 og har i løpet av desse fire og eit halvt åra spelt 70 offisielle kampar for klubben på seniornivå.
Med Stine får ein lojalitet og alltid 100 %. I løpet av desse åra har ho knapt vore vekke frå ei trening og vore ein viktig bidragsytar for klubben.
Stine skal no studere og vil fortsette med fotballen der ho landar.

Marthe Bjørhovde får Eid kom til klubben i januar 2017 etter eit opphald i Volda.
Ho har på desse tre og eit halvt åra spelt 45 offisielle kampar for klubben på seniornivå. Marthe har hatt ei stor utvikling desse åra og har blitt ein meget god keeper.
Spesielt 1 mot 1 er Marthe blant dei beste keeperane i landet. No er det militæret som står for tur for Marthe, men også ho ynskjer å fortsette med fotballen.

I forhold til antal kampar, så har sjølvsagt koronastenginga «nekta» jentene endå fleire kampar for klubben, då ein ikkje har fått spele offisielle kampar i 2020 til no.
Begge desse damene var sentrale og viktige på det historiske J19 laget vårt som vann NM i 2017.

Vi mister no to fantastisk flotte spelarar, som verkeleg har bidrege og satt sitt preg på klubben i desse åra. Vi håpar dei fortsette å satse på fotballen og at vi får vi sjå dei tilbake i klubben ein dag.

Vi ynskjer dei mykje lykke til vidare og takkar for bidraga for klubben så langt !

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter