AaFK Fortuna U20 vs Herd U20
Treningskamp Aksla Stadion 22.08.
Dei siste åra har ofte byderbya mot Herd vore tette og jamne, men i dag var det til slutt klasseskilnad på laga.
Resultat : 7-0(2-0).
Dommar : Alf Furland.
Tribune : Ca.80 tilskodarar.
Mål :
-1-0 2min. Solveig er nesten nede ved eige cornerflagg og vinne ballen før ho sender den mot bakrommet til Herd, der Kaja stikke igjennom. Ho skyte eit skudd frå spiss vinkel som Herd sin keeper gjev retur på. Guro er på plass og set roleg og enkelt inn sitt første mål for dagen.
-2-0 36min. Daniela tek eit kast kjapt høgt i bana. Ho kastar i beina på Anna som vendar i 16 meteren og slår inn framfor mål og igjen er Guro på plass på bakre stolpe og kan setje ballen i mål.
-3-0 59min. Daniela vinne ballen inne på eigen halvdel, forserar litt med ball før ho spelar ut til ei Solveig på kanten. Ho drive framover på sida og slår eit godt innlegg framfor mål. Anna sin førstestolpebevegelse gjere at ballen igjen landar på bakre stolpe, og kven er der ? Sjølvsagt Guro «bakrestolpe» Røn 😃 Hattrick !
-4-0 61min. Det starta med frispark langt bak på eigen halvdel og 11 trekk seinare ligge ballen i mål! Vi vri frå høgre side via venstre side, inn igjen sentralt til Ellijanne som vender tilbake til Josefine på høgresida. Ho spelar Solveig på medløp som legge ut til Daniela på høgrekanten før ho svingar ballen inn mot førstestolpe, der Anna legge tilbake til Solveig som frå 10 meter dunkar ballen i mål. Dagens vakraste angrep !
-5-0 71min. Igjen eit meget flott angrep, der vi bearbeidar bakfrå før Kristine tek rom og trer glimrande inn Solveig i mellomrommet. Ho utfordrar og slepp vidare til Daniela på kanten. Innlegget frå Daniela finne Guro si brystkasse på bakre stolpe som legge ned til Anna som endeleg får si fortjente skåring, då ho sete ballen i mål med venstra frå 7-8 meter.
-6-0 86min. Vi slår eit godt oppspel til Anna som legge igjen til Solveig ca. rundt midtstreken. Solveig drive ein 10-15 meter med ball før ho spelar til Hilde på løp framover. Hilde sitt innlegg frå hjørnet av 16 meteren får ein fin bue og fyke i mål i lengste hjørne.
-7-0 89min. Guro som er flytta inn som spiss, vinne sjølv ballen rundt midtstreken og fossar åleine mot keeper. Avslutninga reddar Herd sin keeper, men returen kjem tilbake til Guro som kan hedde ballen i det opne målet.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Daniela Gudnadottir, Kristine Gulbrandsen, Signe Vinjevoll, Josefine Bjerknes
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling
Kaja Thunem, Anna Brenne, Guro H. Røn
Bytter :
-46min. Jenny ut og Karoline A. Olsen inn.
-46min. Kaja ut og Hilde Bjåstad inn.
-75min. Kristine ut og Jenny inn igjen.
-75min. Daniela ut og Kaja inn igjen.
Kampen :
Vi skal spele ein fotball der vi sete premissane i kampen gjennom å presse høgt og spele med kontroll når vi har ballen.
Før pause i dag er eg i beste fall middels fornøgd, sjølv om vi leiar 2-0 og har sjansar til å leie med større siffer etter fleire store målsjansar.
I pausa får vi gjort nødvendige og gode justeringar, noko som gjere at vi er klart betre etter sidebytte.
Vi skapar 10-11 store målsjansar og skårar 5 flotte mål i andreomgangen. Eit par av skåringane er det verkeleg klasse over, der dei kjem etter at vi nettopp klarar å spele med den kontrollen vi ynskjer.
Uansett er ein 7-0 siger mot Herd som har mange gode spelarar ein verkeleg maktdemonstrasjon av jentene.
Ein skikkeleg laginnsats i dag, men eg vil likevel gje eit par ekstra «stjerner i boka» til to spelarar som ikkje alltid er dei som kansje det blir «snakka» mest om.
Daniela har hatt eit skademareritt sidan ho kom til oss for 2 år sidan og då er det utruleg kjekt at ho no har fått hatt ein god stort sett skadefri periode, noko som gjere at ho viser meir og meir av sine kvalitetar. Sin beste kamp for klubben!
I tillegg må eg få trekke fram Ellijanne, som dei siste kampane har blitt putta opp i ankerrolla på midtbana og er verkeleg på veg til å vekse seg solid inn i rolla. I dag legge ho ned klart flest løpsmeter, samstundes som ho viser fleire gode involveringar med ball.
Ellijanne er ein spelar som alltid gjere ein bunnsolid jobb for laget, no i ei ny rolle!
I dag vinne vi med slike siffer, samstundes veit vi at vi har 12(!) spelarar som er disponible for oss når serien startar, men som ikkje kunne spele i dag. Vi har ein fantastisk tropp for tida og ein unik konkurransesituasjon i laget !
Kaptein Solveig Engås om kampen :
Alltid like deilig med seier over Herd.
Vi skaper mye fremover i dag samtidig som vi ikke slipper Herd til store sjanser.
Det er slike fotballkamper vi elsker å spille.
Vi skårer mange fine må og har til tider mange fine kombinasjoner. Mye positivt å jobbe videre med!
Stor takk igjen til våre «gjestespelarar» for ein strålande innsats !
Signe og Kaja frå Volda, Josefine og Karoline frå Blindheim frå Blindheim og Hilde frå Hareid.
Neste treningskamp er ikkje fastsatt pr. i dag.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna