Vi er svært glade for at vi no har fått på plass ei strålande løysing når det gjeld keepersida i klubben.
Ronny Osnes frå Ulsteinvik og Håkon Kjølsøy frå Hessa vil gå inn i trenarteamet med hovudansvar for keeperane.
Etter at Sondre Sødergren flytta til Halden ved årsskifte, så har vi jobba med å få på plass ein ny keepertrenar.
Ronny har vore i Hødd i over 20 år, mest rundt deira A-lag på herresida. Det betyr at vi får ein mann som har stor
erfaring frå toppfotballen på herresida og som har bidrege til å skape mange toppkeeperar som t.d. Ørjan Håskjold Nyland.
Samstundes har Ronny god kjennskap til jente og damefotballen etter 8-9 år over to periodar som
keepertrenar på J19 landslaget til Norge. Der har han vore med på fleire internasjonale mesterskap med gode resultat.
Han er knytta til J19 landslaget også i 2018.
I spann med Ronny har vi fått med oss ein ung og dyktig kar i Håkon Kjølsøy. SIF-Hessa-guten er kun i sitt 19 år, men har verkeleg
levert varene på dei øktene han har bidrege på så langt. Håkon har i fleire år vore i AAFK-systemet, før han i sommar gjekk til Langevåg.
No er han tilbake i SIF-Hessa der han skal spele i 2018.
Vi skal også få dra nytte av Ronny inn mot laget og trenarteamet med sin store erfaring og kunnskap, noko som vil vere med
å tilføre oss ny kompetanse og utvikling.
Ronny og Håkon vil bidra 1-2 gangar kvar i veka på treningsfeltet og rundt kampar.
Ronny var i dag tilstades og observerte si første økt og seier dette om sitt første møte med Fortuna :
– Eg sitte igjen med et positivt inntrykk etter første økta i dag ! Virka som ei god spillergruppe med gode ferdigheter og tilstedeværelse.
Håper på å kunne være med på å utvikle keepere, utespillere og laget videre.
Dette trur vi blir knallbra og vi gledar vi oss stort til å ta nye steg saman i 2018 ?
Sportsleg helsing
Magne Elde