Denne veka starta AaFK Fortuna opp med treningar og aktivitet igjen etter ein velfortjent juleferie.
Måndag kveld vart det gjennomført spelarmøte og ei fysisk økt, før ein i kveld var tilbake på treningsfeltet i Sparebanken Møre Arena.
Det meste av AaFK Fortuna sin plan for sesongførebuingane er klare, sjølv om det alltid vil komme små justeringar og endringar undervegs.

Kampoppsettet skal bli klart denne veka, men slik det ser ut blir seriestarten lørdag 18.april.

Vi får i oppkøyringa møte gode 2.divisjonslag + kampar mot 1.divisjonslag.
Den årlege treningsleiren legg vi også i år til Side i Tyrkia, der vi veit vi møter fantastiske fasilitetar.
Her blir det også 1-2 treningskampar, men motstandar er ikkje klare.

Dette blir treningskampane :

  • AaFK Fortuna – Molde 1.februar kl.14.00. Sparebanken Møre Arena.
  • «Sunnmørshelg» 15. og 16.februar. Sparebanken Møre Arena.
    Kampar mellom dei 4 2.divisjonslaga på Sunnmøre, AaFK Fortuna, Herd, Volda og Hødd.
  • Bergenshelg 28.februar til 1.mars.
    Åsane – AaFK Fortuna 28.februar kl.19.00. Vestlandshallen.
    Fyllingsdalen – AaFK Fortuna 1.mars kl.14.00. Vestlandshallen.
  • Turnering Sodvinhallen på Kyrksæterøra 7. og 8. mars.
    Kampar mot KIL/Hemne + 1 lag til. Tidspunkt er ikkje fastsatt.
  • Kaupanger – AaFK Fortuna 21.mars kl.14.00. Nordfjordeid.
  • Treningsleir Side i Tyrkia 1.april til 8.april.
    1-2 kampar. Motstandarar og tidspunkt ikkje fastsatt.

På nettsida kan du heile tida følgje med aktivitetane våre i kalendaren.

Sjekk den ut her : https://www.aafkfortuna.no/events/

Vi gledar oss 😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna