AaFK Fortuna – Herd
Treningskamp U20 Aksla Stadion 26.09.

Etter storsiger mot Herd i det forrige oppgjeret, så var det eit revansjelystent bortelag som gav oss mykje tøffare kamp på flotte Aksla i dag.

Resultat : 2-1(2-0).
Tribune : Ca.80 tilskodarar.
Dommar : Alf Furland.

  • Mål :
  • -1-0 4 min. Kristine slår ei strålande diagonalpasning i bakrom mot Guro på venstrekanten.
  • Guro utfordrar og kjem seg forbi backen, før ho slår ut 45 grader. Ballen går via eit par Herd-spelarar før Solveig si avslutning også går via ein Herd-spelar og i mål.
  • -2-0 23min. Solveig vinne eit utspark i lufta og heddinga landar i beina på Anna, som ser at keeper er litt feilplassert og avsluttar i lengste hjørne frå gode 20 meter.
  • -2-1 54min. Herd slår ein god corner, der dei vinne duellen framfor mål og kan redusere frå kort hald.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Helle O. Rindal, Hilde Bjåstad
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Guro H. Røn

Bytter :
-45min. Solveig ut og Synne Jareld inn.
-56min. Vilde ut og Natalie Hjellegjerde inn.
-56min. Hilde ut og Kaja N. Thunem inn.
-71min. Synne ut og Vilde inn igjen.
-80min. Daniela ut og Hilde inn igjen.

Stor takk for god innsats av våre «lånespelarar» i dag :
Kaja frå Volda, Synne frå Herd, Natalie frå Sykkylven og Hilde frå Hareid.

Kampen :
Etter tre meget sterke prestasjonar og gode kampar(Herd 7-0 og Molde to gangar, 5-1 og 4-2), så var dagens prestasjon ein klar nedtur. Samstundes er det også slik i fotball at motspelet ofte er avgjerande i forhold til eige spel, og i dag møtte vi eit hardtarbeidande og inspirert Herdlag som gjorde ting vanskelegare for oss. Førsteomgangen er ujamn, men litt for lite aggressivitet i vårt defensive spel, samstundes som vi gjere alt for mange enkle feil med ball, slik at vi ikkje finne den offensive rytmen vi ynskjer.
Herd skapar eit par store sjansar, der Benedicte blant anna reddar ei straffe strålande etter 25 minuttar. Inn i mellom viser vi også godt angrepsspel og skapar 2-3 store sjansar i tillegg til skåringane.
Langt frå nokon stor omgang av oss, men uansett ei fortjent leiing totalt sett.

Andreomgangen er jamnspelt og ikkje veldig ulik førsteomgangen for vår del, men mange nye relasjonar som sjølvsagt går ut over samhandlinga pregar nok omgangen litt. Eg har notert eit par store sjansar til kvart av laga etter sidebytte og Herd med den største i tillegg til skåringa si då dei avsluttar i tverrleggaren. Ein tett, intens og ikkje alt for velspelt fotballkamp endar med ein knepen 2-1 siger til oss. På ein dag som ikkje er topp for vår del, så er det solid å ta med seg ein ny siger.

No står ein ny treningveke for tur, før jentene tek ein god og fortjent høstferie.
Vi kjem til å køyre nokre fleire treningskampar utover høsten, men det vil bli etter høstferien.

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna