Vi er glade for at Stine Reite(22) nok ein gang har meldt seg til teneste for klubben. Dei siste åra har Stine vore ein del inn og ut av klubben blant anna pga. militæret, studiar og reise.

I fjor haust starta ho på Politistudie i Oslo, men vart henta heim til kampar ut sesongen og var ei viktig brikke i vår særs sterke høstsesong. Planen i år var å spele for Frigg i 2.divisjon(laget tapte opprykkskvalifiseringa til 1.divisjon) i år, men som vi alle veit sat koronaen ein stoppar for vårsesongen. Midt i august skal ho starte praksis i Florø, og då er det naturleg at ho igjen melder overgang til oss og så ser vi korleis ho beste mogleg kan bli ein ekstra ressurs for oss i ein eventuell høstsesong.
Sidan etter påske har Stine vore i Ålesund og har trena fast med oss og vist at ho er i meget god form.

Stine har 74 kampar for klubben sidan ho kom sommaren 2014 og kan nyttast både som stoppar og sentral midtbane.
Med sin rutine, klokskap og fine leiareigenskapar, så er det veldig kjekt å ha Stine tilbake i gruppa.

Velkommen heim, Stine !

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter