For å styrke eit allereie sterkt trenarteam og heile tida vere på jakt etter utvikling, så er vi glade for å kunne presentere Preben Torvanger(31) som ny mann inn.

Preben går inn som assistenttrenar, ei rolle han vil dele med Rune Sunde.
Han har tek med seg ein god spelarbakgrunn inn i rolla, etter å ha spelt for Skavøypoll og Volda i 3.divisjon i fleire sesongar før han frå 2011 til 2013 spelte for SIF i 3. og 2.divisjon. Etter å ha trappa litt ned som spelar, så har han spelt for Blindheim i 5. og 4.divisjon i nokre sesongar.

Trenarerfaringa si har Preben frå Blindheim Fotball der har har trena juniorlag og herrelaget både som hovudtrenar og assistent.

I det daglege er Preben lærar på Blindheim Ungdomskule der han undervisar i kroppsøving, fysisk aktivitet og helse og mat og helse. Han kjem eigentleg frå Deknepollen like ved Måløy og Skavøypoll er moderklubben. Etter å ha studert i Volda, så har Preben no budd i Ålesund dei siste 11 åra.

Klubben er også veldig fornøgde med at vi får behalde Rune Sunde i klubben.
Rune har vore assistent i heile 5 sesongar og vore ei meget viktig brikke både på og utanfor bana. Med kombinasjon av Rune sin kompetanse på å setje ballen i mål og Preben si erfaring som midtstoppar til å nekte mål, så vil vi ha ei fin blanding inn i assistentrollene.

Det er ein motivert og klar Preben som ser fram til oppstart 2021 :

Då eg har samarbeida med Magne før og tidlegare elevar har spelt og spelar for klubben, så har eg følgt litt ekstra godt med laget dei siste åra.
Inntrykket eg har av spelarane og klubben er særs godt, så då førespurnaden om å vere ein del av dette kom, var eg aldri i tvil. Å få eit slikt tilbod var utruleg kjekt og eg kjende tidleg at dette var noko eg er motivert for. Eg håper at eg kan bidra slik at spelarar og laget når sine målsetjingar for året 2021. Eg ser fram til å møte ei spelargruppe som eg har oppfatta som seriøse og med veldig gode haldningar, og ikkje minst som veldig dyktige fotballspelarar.

Hovudtrenar Magne Elde har jobba saman med Preben i Blindheim og ser verkeleg fram til å ta opp igjen samarbeidet.

Eg gledar meg veldig til å kunne samarbeide med Preben etter at vi hadde eit godt og utviklande samarbeid i Blindheim for A-laget herrar der. Preben er dyktig med folk og bidreg med god energi både på og utanfor treningsfeltet. I tillegg er han fotballfagleg dyktig og vil utfordre og supplere oss andre i teamet på ein god måte. At vi også får med Rune vidare gledar meg veldig og gjere at eg ser veldig fram til det nye året!

AaFK Fortuna ser fram til å fortsette samarbeidet med Rune og ynskjer Preben velkommen til klubben !

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna