Etter fleire år i klubben fordelt på to periodar, så tenkte eg det var på tide å invitere heile gjengen heim til mi vakre heimbygd, Bremanger.
Torsdag til søndag var Bremangerbyda som ligge ytterst mot havet i Vestland fylke(Sogn og Fjordane), midt mellom Måløy og Florø, basen for vår pre-camp inn mot høstsesongen.
Bremanger IL har lange tradisjonar for jente og damefotball i ulike periodar, og var blant dei første klubbane i Sogn og Fjordane som byrja å satse på jentene.

Dagens leiar av idrettslaget, Anette Igland, har spelt fleire A-landskampar for Norge og var med å tok VM-sølv i Kina i 1991.
I 2009 då Fortuna spelte i Toppserien, så var Bremangerjenta Ann Katrin «Anka» Grotle, ein sentral spelar for klubben.

Dagleg og sportsleg leiar, Eirik Hoseth, delar her nokre tankar rundt besøket i nabofylket :

Vi har hatt noen flotte dager med god effekt for jentene, teamet og klubben i Bremanger. Flott vær, god mat og Bremanger IL sitt flotte anlegg med en strøken gressbane til vår disposisjon.
Havly Pensjonat i leverte varene, og vi anbefaler alle en tur dit. Vi takker også spennende hospitanter fra regionen for en meget god innsats på treningene,
og vi håper at AaFK Fortuna bidro til inspirasjon videre i fotballkarrieren.

Klubben er godt fornøyd med gjennomføring og organisering, hvor Magne og teamet sørget for topp sportslig og sosialt utbytte.

Turen til Bremanger var svært viktig for fremtiden i en vanskelig periode, uansett om vi får muligheten til å spille tellende kamper eller ikke i 2020.

Vår kaptein Mette O. Muri fortel at spelargruppa var veldig fornøgde med opphaldet :

Vel hjemme etter noen veldig fine dager i Bremanger, der vi har tatt steg både på og utenfor banen.
Vi har fått trent på mange ulike deler av spillet vårt og det begynner å vise at jentene virkelig er klare for seriespill igjen!
Når vi ikke trente, var det soling, bading og kortspill som blant annet sto på menyen.
Alt i alt ei vellykket treningshelg og vi krysser fingrene for at vi snart får begynne å spille fotball igjen!

Vi reiste til Bremanger med ein spelartropp på 20 spelarar + 5 personar i støtteapparatet.
I tillegg var det ein del foreldre som også vart med som gode medhjelparar og publikum.

Totalt hadde vi også inne 13 hospitantar frå klubbane Bremanger, Måløy, Stryn, Førde og Sandane på ulike økter.
Her fekk unge lovande jenter prøve seg og vi fekk knytta gode kontaktar til fleire miljø frå fylket.

5 gode økter gjennomførte vi på fire dagar ute på den flotte grasbana, der vi fekk jobba godt med ulike spelarfasar i spelt vårt.

Mykje tid saman også utanfor bana er gull for å bygge samhaldet i gruppa. Med eit fantastisk vær, så var sjølvsagt litt soling på den fantastiske Grotlesanden ein populær aktivitet️.

Nokre kjekke og særs nyttige dagar – no ventar vi utolmodig på at all fotball får det grønne lyset for oppstart snarast !

Sportsleg helsing
Magne

Kategorier: Nyheter