Jente og damefotballen er i skikkeleg medvind for tida og vi er glade for å vere ein del av denne utviklinga !
Midt i februar månad samlar vi over 150 aktive fotballjenter og damer til eit nytt og spennande konsept.

AaFK Fortuna skal vere med å bidra til at jente og damefotballen på Sunnmøre tek nye steg og vi ynskjer å bidra til å stimulere til endå større aktivitet og kvalitet for jente og damefotballen.
Difor er det stas for oss å samarbeide med Sunnmøre Fotballkrets og resten av 2.divisjonslaga på Sunnmøre for å få i stand ei slik helg der fokus både er sportsleg og sosialt.

  • Alle dei fire 2.divisjonslaga stiller til turnering, med semifinalar laurdag og finalar søndagen.
  • Alle kretslaga skal gjennomføre trening/internkamp.

Vi vil skape gode ramme rundt aktiviteten med åpen kiosk, innmarsj, speaker og sjølvsagt dommartrioar m.m.

Vi håpar mange tek turen til Sparebanken Møre Arena denne helga for å sjå fotball live, men også at mange ynskjer å høyre på dei spennande foredragshaldarane vi har fått på plass laurdag ettermiddag – her blir det spennande innlegg for aktive spelarar, trenarar, leiarar, foreldre og andre.

Vi gledar oss !

Velkommen 😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna