Klubben fortsette å vere ein storleverandør av spelarar til norsk toppfotball!

No er det klart av Nora Myklebust Ferstad får muligheten i eit av Norges beste damelag, Sandviken.  

Nora kom til Fortuna frå Blindheim sommaren 2017 og var med på NM-laget som vann gull for J19 same året.

Ho har heile vegen vist ei stor utvikling både på og utanfor bana,
og med sine fantastiske 34(12 mål + 22 assist) målpoeng på 45 offisielle kampar som venstre back, så har ho vore blant vore beste og meste sentrale spelarar dei siste sesongane.
Ho fekk prisen beste utvikling i 2018, før ho fekk prisen årets spelar etter 2019 sesongen.

Dessverre vart det ingen offisielle kampar i den oransje drakta i 2020 sesongen pga korona.
Nora har særs god speleforståing, har ein god fotballbasis og ikkje minst ein venstrefot heilt i toppklasse, noko vi trur vil bidra til at ho kan bli ein toppspelar på øvste nivå.

Blindheimsjenta starta i haust på studiar i Bergen og planen var å bidra for AaFK Fortuna ut 2020 i kampen om opprykk.

Samstundes har ho vore klar på at ho ville prøve å ta steget inn i ein toppklubb i Bergen for å teste seg på det øvste nivået i Norge.

Kun ei trening førre veke var nok til å overbevise Sandviken sitt trenarapparat om at dette er ei jente å gje muligheten.

Nora har i første omgang signert ei kontrakt med Sandviken ut 2020.

Då får ho ein fin periode for å teste seg på det øvste nivået og utvikle seg vidare, så får vi vente i spenning på å sjå om det kan bli noko speletid alt i år.

Nora seier dette om overgangen :

Jeg vil først og fremst takke for 3 fantastisk fine år i AAFK Fortuna.
Nå er jeg klar for nye utfordringer i ny klubb, det blir spennende.

Sandviken har utrolig mange dyktige fotballspillere og forhåpentligvis vil det hjelpe på min egen utvikling!

Vi er stolte over å ha bidrege til Nora si utvikling og håpar å sjå ho tilbake i den oransje drakta ein gang i framtida.

Mykje lykke til i Sandviken, Nora 😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter