Nanset – FK Fortuna Ålesund

2.kvalifiseringskamp til 1.divisjon.

På ein fantastisk flott høstdag i Larvik var det ei flott ramme rundt kampen,
og alt låg til rette for ein dramatisk og spennande fotballkamp.
Med siger ville Fortuna spele i 1.divisjon 2018.

Tribune : Ca. 250 tilskodarar.
Dommar: Kristian Johannesen, Falk SK.
Gule kort : Ingen.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Katarina D. Sunde, Vivian Saadi
Malin Sunde

Innbytte :
– 60min. Stine ut og Kari Skovly inn.
– 80min. Vivian ut og Eva Hormazabal inn.
– 80min. Katarina ut og Ingrid Vatne inn.

Slik kom måla :
– 0-1 2min. Nanset kjem seg rundt på vår venstre side og slår eit innlegg langs bakken som Lisa er uheldig å gleppe, og då kan Nansetspissen setje ballen i mål frå 5-6 meter.
– 0-2 17min. Det blir mykje fram og tilbake utanfor vår 16 meter etter ein dødball.
Til slutt blir ballen slått inn framfor vårt mål, der Nansetspissen kan setje ballen i mål frå 7-8 meter åleine med Lisa. Vi følte der og då at dette måtte vere offside, dessverre viser også videoen at skåringa skulle vore annulert for offside.
– 0-3 23min. Vi har eit utspark, vi tapar eit par duellar og til slutt frå ein Nansetspelar slengt avgårde ei avslutning inne i 16 meteren via Lisa og i mål.
– 0-4 34min. Nanset skrur eit frispark i mål over vår mur frå ca. 20 meter.
– 1-4 53min. Camilla kjem seg fri på høgrekanten og slår eit innlegg som går via keeper og landar i beina på Katarina som set ballen i mål frå kort hald.
– 1-5 75 min. Vi spelar på oss eit brudd og blir kontra på, og åleine med keeper skårar Nanset.
– 1-6 77min. Vi er uheldige med eit tilbakespel som blir snappa opp og igjen satt i mål åleine med Lisa.

Kampen :

Vi startar kampen med å gå rett i strupen på Nanset, og får ein fin mulighet omtrent direkte frå avspark.
I resten av førsteomgangen går nesten alt som kan gå galt, galt for oss.
Vi er utruleg uheldige i nokre avgjerande situasjonar, som gjere at vi gjev vekk nokre frykteleg lette baklengsmål.
Spelemessig er det vi som har mest ball før pause, medan heimelaget er duellsterke og særs direkte i sitt spel.
Vi skapar eit par store sjansar før pause, men dessverre får vi ikkje skåring ut av det.
Nanset er ekstremt effektive og utnyttar våre feil.
Det er blytungt å gå til pause under 0-4, det er nesten som vi ikkje fattar kva som “traff oss”. Vi blir einige om å gjer eit forsøk, dette er faktisk mogleg å hente inn !
Vi går på bana og tek tak i kampen igjen etter pause og får ei redusering etter 8 minutt. Vi har styringa no på kampen, men vi kjem for skjeldan til dei klare målsjansane.
Vi legge om til 3-4-1-2 den siste halve timen, og prøver å skape nok trykk til å skåre fleire mål. Vi kjem til eit par gode sjansar, men klarar ikkje å utnytte dei.
Då går det som det ofte går, når eit lag må jakte framover, det blir nokre farlege brudd og kontringar. Det kostar oss to nye baklengsmål.
Ein kan ikkje snakka om ufortjent når ein tapar 6-1, men vi veit alle at mål pregar kampar og at dette spelemessig aldri var i nærheten av nokon 6-1 kamp.
Til slutt bles dommaren av kampen til enorm jubel frå heimelaget og utslåtte Fortunajenter.

Kaptein Mette sin kommentar :
Vi var en motivert gjeng som dro nedover til Larvik søndag, med stor tro på at vi kunne ta med oss 3 poeng hjem og sikre opprykket. Slik ble det altså ikke. Der alt som kunne gå galt, gikk galt. Vi hadde så INDERLIG lyst, vi løp mye og prøvde å spille ball. Vi blir dessverre for upresise i det meste vi gjør og tar dårlige valg over hele bana. Det føles så forferdelig tungt !
Både spillere og trenere har jobbet en hel sesong med en klar målsetting om opprykk og når det ryker i den siste avgjørende kampen er skuffelsen enorm.
Skuffelsen kommer til å ligger der ei god stund, men vi skal stå sammen og reise oss i lag #SAMHOLD

Magne sin kommentar :
Framleis eit døgn etter den største nedturen i mine 20 år som fotballtrenar, er det vanskeleg å finne ord for å beskrive kor ekstrem skuffa spelarar og støtteapparat er over at vår felles draum vart knust i Larvik i går.
Vi har saman jobba ekstremt målbevist, grundig og hardt frå vi starta jobben i januar.
Før kampen i går hadde vi spelt 18 kampar på rad utan tap, ei rekke du knapt finn makan til nokon stad eller nivå i fotballen. Vi har tapt 1 seriekamp i år, og dessverre tapte vi den siste og viktigaste i går.
Det viser kor brutal idretten kan vere og kor tøft det er å rykke opp. Skal ein rykke opp må ein nesten vinne alt i løpet av ein sesong. Tenk deg at AAFK har spelt 14 kampar utan å vinne, så vann dei 1 og likevel kan dei no redde plassen.
Urædd som dei siste 4-5 åra har vore i Toppserien og toppen av 1.divisjon, måtte spele kvalikk 4 år på rad før dei klarte å rykke opp frå 2.divisjon.
Det berre viser kor tøft og vanskeleg det er å rykke opp.

Eg har ikkje ein grunn i verda til å slakte spelargruppa eller rope høgt om mangel på innsats og vilje i går, den var meir enn stor nok. I går handla det rett og slett om at det som kunne gå galt gjekk galt, fatale feil, som sjølvsagt er med å pregar alt i denne kampen. Fotball består ofte av feil, mål blir ofte skåra etter feil, dessverre vart VÅRE feil for mange og for store i går. Uansett var det VI som LAG som tapte denne kampen, å vinne saman og tape saman, det er det vi kallar SAMHALD, ein av våre viktigaste verdiar.

Eg er ufatteleg skuffa, trist, lei og fortvila i dag.
Damefotballen på Sunnmøre treng eit flaggskip og ei ledestjerne, difor er dette eit tap for alle ivrige fotballjenter. Uansett er eg aller mest lei meg på spelargruppa sine vegne, dei hadde faktisk fortjent noko mykje betre enn dette !
Etter 4 år som Fortunatrenar i to periodar, så har eg aldri vore meir fornøgd med ei spelargruppe enn denne gjengen her.
Eg veit dei ville klare dette av heile sitt hjarte og at dei har lagt ned den jobbe som krevst ! Eg ser den enorme skuffelsen og føler med dei.
Sjølv om ein klok mann har sagt det, og det er ufatteleg vanskeleg å innsjå i dag : den neste kampen er alltid den viktigaste, vår neste kamp er CUPFINALEN.
Om nokre dagar så skal vi starte å glede oss noko enormt til den !

Magne

Kategorier: Nyheter