Mandag kveld vart årsmøtet for FK Fortuna Ålesund gjennomført i Guard sine lokalar på Color Line Stadion.
30 personar deltok på årsmøtet. Rekneskapet viser ein klubb med god kontroll på økonomien og eit resultat på 10.460,- i overskot i 2018. Omsetninga auka i 2018 med vel 200.000,- til 2.087.494,-.
Bjørn Oskar Haukeberg frå SFK var også tilstades og orienterte om Toppfotballprosjektet 2023.

Det vart valgt nytt styre for 2019, der Maria Elena Kvalen tek over leiarvervet etter Hogne Worren.
Fortunastyret for 2019 blir då slik :
Maria Elena Kvalen – leiar.
Stein Bjørhovde – nestleiar.
Øystein Magerholm – medlem.
Tor Arne Kroken – medlem.
Reidar Nilsen – medlem.
Birthe Ramsvik – medlem.
Inger Myklebust Ferstad – vara-medlem.
Vi takkar for den gode innsatsen til dei som no gjekk ut av Fortunastyret :
Hogne Worren, Torill O. Muri og Anne H. Vatne + Rune Sunde varamedlem.
Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund