Etter ein god månad med treningar og kampar, så har vi kåra ein ny vinnar av månadens spelar.

Denne spelaren får ein flott diplom + hårprodukter frå Pikasso.

Dette blir det vurdert ut i frå :

– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.

Månadens spelar for september er : Ellijanne Anderson.

Trenarane si vurdering :

Ellijanne har verkeleg brukt den siste perioden godt og teke store steg som fotballspelar. Ho har nytta tillitten ho har fått i U20 kampane til å ta nye steg og har vore ein av våre beste spelarar i dei fleste kampane i haust.
Ellijanne har jobba hardt og tolmodig i to år her i klubben og får no verkeleg betalt for dette.
Etter å bli flytta opp i ankerrolla på midtbana, så har ho kansje fått fram endå fleire av kvalitetane sine.
«Elli» er ein spelar ein alltid kan stole på, som er bra på det meste og som alltid gjev 100% for laget.
Vi gledar oss over den gode utviklinga og ser fram til fortsettelsen!

Vi gratulerar ! 😊😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna