Vi er inne i sluttspurten før ein velfortjent ferie for spelargruppa.
På økta i kveld vart månadens spelar for november delt ut.
Denne spelaren får ein flott diplom + hårprodukter frå Pikasso.
Dette blir det vurdert ut i frå :
– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.
Månadens spelar for september er : Agata Droździk


Trenarane si vurdering :
Denne gangen er det ein av våre meir rutinerte spelarar som verkeleg har gjort seg fortjent til månadens spelar.
Agata har i november hatt 100 % treningsoppmøte, plukka mykje poeng i poengligaen og ho har ikkje minst levert mange gode økter av høg kvalitet.
Agata står fram på trening med å alltid gje 100 % i innsats og duellspel.
Til tross for at ho er ein rutinert spelar på 27 år, er Agata heile tida oppteken av å ta nye steg og utvikle seg vidare.
Det viser seg i hennar treningsarbeid!
Ho er ein klassespelar som seinast i ein internkamp for nokre dagar sidan var banas beste spelar.
Vi gratulerar ! 😊😊
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna