Kvar månad kårar vi månadens spelar i AaFK Fortuna.
Denne spelaren får ein flott diplom + hårprodukter frå Pikasso.

Dette blir det vurdert ut i frå :

– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.

Månadens spelar for januar er : Solveig Engås.

Trenarane si vurdering :

Solveig har lagt bak seg ein meget frisk og sterk start på fotballåret 2020 !
Ho har 100 % treningsoppmøte i januar og har vist stor innsats og utvikling på treningsfeltet.
Solveig var også ein av banas beste spelarar i kampen mot Molde førre helg, der kun skåringa mangla for hennar del.

Utanfor bana har også Solveig vist ei positiv utvikling, ho bidreg med den rette kulturen og har også blitt ein del av kapteinsteamet i 2020.
Vi håpar utviklinga fortsetter og vi trur Solveig går mot sin beste fotballsesong nokon gang.

Vi gratulerar ! 😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna