Kvar månad kårar vi månadens spelar i AaFK Fortuna.
Denne spelaren får ein flott diplom + hårprodukter frå Pikasso.
Dette blir det vurdert ut i frå :
– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.
Månadens spelar for februar er : Helle Olsen Rindal.

Trenarane si vurdering :
Helle har imponert oss stort i starten av fotballåret 2020 !
Ho har 100 % treningsoppmøte i februar, med unntak av gyldig landslagsfråvær på nokre økter 😊
Helle er kun 15 år og har hatt ein strålande utvikling den siste tida og ikkje minst med ballen har ho teke store steg.
Vi opplever Helle som svært dedikert, seriøs og utviklingsorientert.
Med fortsatt utvikling så trur vi Helle går mot ein særs spennande sesong i AaFK Fortuna si oransje drakt.
Vi gratulerar ! 😊
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna