Etter ei «pause» pga. koronaen, så er vi no tilbake med månadens spelar.
Denne spelaren får ein flott diplom + hårprodukter frå Pikasso.
Dette blir det vurdert ut i frå :
– Treningsoppmøte.
– Poengliga.
– Innsats og kvalitet på trening og i kamp.
– Engasjement på og utanfor bana.
– Utvikling og framgang.
Månadens spelar for august er : Kristine Gulbrandsen.
Trenarane si vurdering :
Kristine har lagt bak seg ein strålande periode etter sommarferien.
Defensivt 1 mot 1 helde Kristine utan tvil Toppserienivå!
Likevel er det som har imponert oss mest den siste perioden framgangen med ball og at ho spelar med mykje større «ro» ute på bana.
No vel ho ofte riktigare val med ballen og ho er blitt mindre «hektisk» i spelet sitt.
I treningskampane vi har spelt den siste månaden, så framstår ho som ein leiartype og har prestert på eit meget høgt nivå.
Dette er sabla kjekt og vi trur den flotte utviklinga vil fortsette!
Vi gratulerar ! 😊
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna