Dei siste åra har vi auka snittalderen i troppen vår frå 18/19 år, til å i dag ha ein snittalder på ca. 21,5 år.
I dag er heile 10 spelarar i troppen over 20 år.
Vi er difor særs glade for at tre av våre elste spelarar fortsetter i 2021.
«Kollektivet» vårt med Agata Droździk (28), Oda S. Tennfjord (23) og Ingrid Vatne (23) er med vidare.
Desse damene har sidan januar 2020 budd saman i ei leilighet klubben skaffa på Nørve ikkje langt i frå høgskulen.



Oda er ein av spelarane som har vore lengst i klubben, ho kom til oss sommaren 2014.
Ho har sidan den gang vore ein del av klubben i snart 7 år, men har også eit utlån til Volda i 2015 og eit utlån til moderklubben Ravn i første delen av 2016 sesongen. Oda går 2. året på Høgskulen her i byn og studerer Biomarin Innovasjon.
«Å flytte ut til byen frå Tennfjorden var et godt val med tanke på tid, fotballen, skulen og å ha meir overskudd.
Kombinasjonen mellom jobb, studie og trening er ofte travel, og ein kabal man må få til å gå opp.
Likevel møtest endane på magisk vis med god planlegging og struktur i kvardagen.
Det er i alle fall godt å bu med mine kjære lagvenniner, som greier å få alle dagar gode.
Integrering av Agata er dessverre basert på min og Ingrid sin humor, så det må resten av laget berre tåle», smiler ho lurt 😊
Du Oda har jo vore ein del av klubben i snart heile 7 år, kvifor har klubben blitt så viktig for deg ?
«At ej har vore så lenge i klubben, har ej vel egentlig ikkje tenkt over. Men når ein oppleve trivsel, så seier ein vel at “i godt selskap, går tida fort”.
Det handlar vel om ein kombinasjonen av trivsel, at ej alltid vil prøve å utvikle meg som person og som fotballspelar.
Då er jo klubben vår den beste i byen for det»!
Ingrid er også ein av dei med lengst fartstid i klubben av dagens stall. Ho kom til oss januar 2017, og er no i gang med sitt femte år i klubben! Ingrid er også Ravnjente.
Ingrid har teke sjukepleiarutdanning her i byn og er ferdig utdanna sjukepleiar til sommaren.
«Eg har spelt på AAFK Fortuna under heile studietida.
Å studere samtidig som ein spelar fotball i ein klubb som AAFK Fortuna har vore både fint og krevjande.
Det har vore utfordrande å heile tida skulle prestere på to arenaer, spesielt under praksisperiodane med turnusarbeid.
Å bu saman med sine beste venninner har vore heilt topp, vi har det artig i lag samtidig som vi kan vere seriøse når det trengs», fortel Ingrid.
Agata er vår polske «stjerne», som kom til oss sommaren 2019 etter eit kort opphald i Hødd.
Ho har over 200 kampar i polsk toppserie og er lagets nest eldste spelar.
Agata har fått seg jobb i her i byn i Green service der ho jobbar i ei 80 % stilling.
«Jeg har hele tiden, selv i Polen, kombinerte fotball med jobb, så det er en vane for meg.
I enkelte perioder er det selvsagt noen tøffe dager, men alt i alt går dette fint.
Jeg er veldig takknemlig for at jentene i laget har vert åpne og tålmodig i forhold til å kommunisere med meg.
Å bo sammen med Oda og Ingrid hjelpere meg mye i forhold til å lære språket og å bli bedre kjent med norske tradisjoner.
Klubben har bidratt mye for meg og jeg har stor tror på klubben og laget framover.
Nå gleder jeg meg bare til å kunne begynne å kjempe om poeng», avslutter Agata.
Oda og Ingrid er flotte rollemodeller i forhold til at ein kan satse på fotballen her i Ålesund samstundes som ein tek seg gode utdanningar!
Vi er glade for å ha med oss desse damene inn i 2021!
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna