Vi er klare og gledar oss veldig til ei fantastisk fotballhelg i Sparebanken Møre Arena.
Her skal over 150 kretslagsjenter og damesspelarar i aksjon i vårt nye konsept – «Sunnmørshelga».

AaFK Fortuna ynskjer å bidra til å stimulere, engasjere og motivere alle fotballspelande jenter og damer på Sunnmøre og vi tru at denne helga vil bidra til nettopp det.

Slik er programmet ut desse to dagane :

Laurdag 15.02
Kl.11.00 SK Herd – Hødd.
Kl.12.45 Kretslagssamling J14 og J15.
Kl.14.30 AaFK Fortuna – Volda.
Kl.16.30 Felles samling på CLS Vipèn med ulike foredrag.

Søndag 16.02
Kl.11.00 Bronsefinale(taparane i kampane lørdag).
Kl.13.00 Kretssamling J17(Internkamp).
Kl.15.00 FINALE – Vinnarlaga i kampane lørdag.

Samling CLS Vipèn lørdag kl.16.30.
Her vil det bli spennande innlegg for alle spelarar, trenarar, leiarar, foreldre og andre som drive med fotball eller har eit sterkt engasjement for jente og damefotballen på Sunnmøre.

  • *Eirik Hoseth, AaFK Fortuna : Vil prate om prosjektet Toppfotball Sunnmøre 2023.
  • *Geir Hansen, NFF/Sunnmøre Fotballkrets : Vil halde eit spennande innlegg med utgangspunkt i korleis spelarar og trenarar kan nå sitt høgste potensielle nivå.
  • *Ståle Steen Sætre, Aafk : Vil fortelje om sin veg til toppfotballen med opp og nedturar og korleis det er å vere toppspelar.

Samlinga er open for alle – ingen påmelding, møt opp !

Vi vil skape ei flott ramme rundt helga.
Det blir innmarsj og speaker på alle kampane, dommartrioar er på plass og det blir åpen kiosk i hallen.

Vi håper mange tek turen både i hallen for å sjå aktiv fotball og på samlinga på CLS denne helga.

Velkommen 😊

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna