Vi har no klart kapteinsteamet for 2020 sesongen.

I vårt første år som AaFK Fortuna utvidar vi kapteinsteamet til 3 spelarar.

Mette Osvold Muri fortsetter som kaptein og går dermed inn i sin femte sesong som for kaptein for klubben.

I kapteinsteamet fortsetter Cecilie Otterlei, medan Solveig Engås kjem inn som ny.

Desse damene er leiartypar i gruppa og står for dei verdiane og haldningane vi ynskjer skal prege oss.
Dei tek ansvar både på og utanfor bana og set krav til seg sjølv og andre, samstundes som dei er gode til å sparre med og til å utfordre oss trenarar.

Spelargruppa har valgt Oda Sperre Tennfjord og Nora Myklebust Ferstad som representantar til spelarutvalget.

Kapteinsteamet vil saman med dei valgte representantane frå spelargruppa utgjere spelarutvalget for 2020.

Spelarutvalet skal fronte spelargruppa sine ynskjer og innspel opp mot trenarteam og styret. 
Utvalet skal også ha hovudansvar for å organisere dei små og store oppgåvene som spelargruppa skal gjennomføre i løpet av sesongen.

Dette blir bra !

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter