Vi har no klart kapteinsteamet som skal leie spelargruppa i 2021.
Kapteinsteamet vil bestå av 3 spelarar. Kaptein Mette Osvold Muri får med seg Lise Janbu Eide og Kristine Gulbrandsen som visekapteinar. Dette vil bli eit godt team, med ei god blanding av kontinutet og “nytt blod” inn.

Mette går inn i sin sjette sesong som kaptein for klubben. Ho er laget sin største kulturbærar og er lagets naturlege leiar gjennom lang fartstid og erfaring. Mette går inn i sin niande sesong i klubben!
Lise er lagets elste spelar og er på veg til å ta steg inn i trenargjerninga. Ikkje minst så «lever og pustar» ho for fotball og tek tak både på og utanfor bana.
Kristine er ein naturleg leiarskikkelse blant dei dei yngste spelarane i gruppa, samstundes som ho står fram uavhengig av alder. Ho er verbal på bana og har god erfaring til tross for sin relativt unge alder.

Spelargruppa har bestemt seg for Natalie G. Nilsen og Solveig Engås som sine representantar til spelarutvalget. Kapteinsteamet vil saman med dei valde representantane frå spelargruppa utgjere spelarutvalget for 2021.

Spelarutvalet skal fronte spelargruppa sine ynskjer og innspel opp mot trenarteam og styret. Utvalet skal også ha hovudansvar for å organisere små og større oppgåver som spelargruppa skal gjennomføre i løpet av året.

Dette blir bra!

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter