Vi har gleda av å ha blitt einige med Langevågsjenta, Jenny Fylling, om å bli eit fullverdig medlem av vår tropp.
Jenny(17) har stått i klubben sidan junior NM-spel i vinter og har fortsatt å trene med oss gjennom våren og sommaren.
Spesielt den siste tida har ho teke store steg og i stadig større grad kunne gjort seg bemerka på våre økter.
Jenny har gode ferdighetar, eit lavt tyngdepunkt og er ein spelar som jobbar hardt. For Jenny har det handla mykje
om å bli meir effektiv i spelet sitt, og der har vi sett klar framgang den siste tida.

Ho har denne kommentaren til at ho no blir ein fast del av vår tropp :
Ej føle at ej he utvikla mej veldig etter at ej starta å trene fast med AaFK Fortuna.
Ej trives også veldig godt i gruppa. Det e en herlig gjeng å være sammen med!
Kvar trening holde et høgt nivå som gjer at ej får testa mej kvar dag og har nokke å strekke mej etter.
I første omgang er en så god treningskvardag viktig for at ej skal utvikle mej videre som fotballspiller, og så tar ej den spilletida ej måtte få!
Vi ser fram til å vere med å utvikle Jenny vidare som fotballspelar 😊
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna