Vi er særs glade og stolte over at Ingrid Alnes er tilbake på Sunnmøre etter studiar i Trondheim, og ikkje minst at ho har takka ja til å spele for AaFK Fortuna. No skal Ingrid jobbe i Ulsteinvik og kombinere jobb der med spel for oss.

Ingrid har 95 kampar i 1.divisjon i ”beltet”, 60 for Fortuna og 35 for Byåsen dei to siste sesongane. I 2018 vart Ingrid kåra til årets spelar for Byåsen, då dei kjempa heilt i toppen av 1.divisjon. Ho har spelt totalt 83 kampar for Fortuna og har berre 18 spelarar framfor seg på adelskalendaren.
Ingrid er ein spelar som i første rekke kan bekle begge backane, men kan også vere aktuell i andre posisjonar.
Som spelar er ho god defensivt 1 mot 1, har god frekvens og forflyttningsevne, samstundes som ho er offensiv i tankegangen og likar å bidra framover bana. Vi veit også at Ingrid er ei dame som alltid gjev 100 % !

For prosjektet vårt og for jente og damefotballen på Sunnmøre er det fantastisk å kunne få tilbake erfarne og dyktige damer som vil fortsette å spele fotball, og som vil bidra til at vi igjen kan få toppfotball for damer på Sunnmøre.
Velkommen tilbake, Ingrid !
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna