Molde FK – AaFK Fortuna
Treningskamp U20 Aker Stadion 05.09.2020
Molde på bortebane på Aker er det tøffaste ein kan møte for våre jenter her i fylket.
Då er det rett og slett klasse å kunne reise heim igjen med 5-1 siger i sekken!
Resultat : 1-5(1-3).
Tribune : Ca.80 tilskodarar.
Mål :
- 0-1 17min. Etter å ha «rota» litt med ball det første kvarteret, så «klikka» plutseleg alt og kampen første skåring var eit praktfullt angrep!
Vi spelar oss strålande ut bakfrå via vår venstreside, med Tuva, Jenny og Line. Line spelar Anna på løp inn i bakrom og frå litt skrått hald får ho avgårde ei god avslutning som keeper må gje retur på. Heldigvis har Daniela teke turen inn framfor mål og ho sete returen sikkert i nota. - 0-2 29min. Tuva svingar inn ein god corner, der Solveig ragar høgast i feltet og heddar ballen i mål.
- 1-2 41min. Vi blir kontra på etter ein corner, og då får Molde til slutt spelt opp ein spelar åleine med keeper som avsluttar sikkert i hjørnet.
- 1-3 42min. Det var dagen for cornermål, og kun eit godt minutt etter Molde si redusering svarar vi på corner. Daniela slår no ein god corner der Ellijanne si hedding blir blokkert på veg mot mål, men ballen felle ned i beina på Anna som avsluttar kontant i lengste hjørne.
- -1-4 59min. Vår tredje(!) corner-skåring! Daniela slår ein ny god corner, Ellijanne vinne igjen i lufta og keeperen må gje retur som Helle er framme på. Keeperen er igjen på plass, men til slutt er det Solveig som «vinne» og skårar får kort hald.
- -1-5 74min. Vi vinne ballen høgt i bana, Solveig kjem seg fri og skyte eit godt skudd i hjørnet frå 16-17 meter.
Moldekeeperen leverar ei god redning, men Line får tak på returen og spelt ballen inn igjen framfor mål der Anna er på plass og kan skåre enkelt frå kort hald.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde Kroken, Helle O. Rindal, Signe Vinjevoll, Josefine Bjerknes
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Line Magerholm
Bytter :
-60min. Line ut og Anna Lervik inn.
-70min. Daniela ut og Line inn igjen.
Kampen :
Vi startar kampen med litt for mange enkle tekniske feil og dårlege val i forhold til Molde sitt press-spel. Dette gjere at heimelaget er det beste laget det første gode kvarteret. Dei skapar eit par nestenmulighetar i tillegg til ein stor målsjanse, der Benedicte reddar strålande åleine med Moldespelaren.
Etter at vi får leiinga i kampen etter 17 minuttar på ein fantastisk flott angrep, så får vi meir kontroll på kampen. Vi får meir kontroll med ball, vi skapar nokre ok mulighetar, vi får ein del dødballar og vi skårar eit par gode dødball-mål før pause. Langt frå nokon perfekt førsteomgang frå oss, men til slutt ei fortjent leiing til pause.
Molde prøvar seg sjølvsagt frå starten av andreomgangen på å komme tilbake i kampen. No har vi likevel betre kontroll og då vi går opp i 4-1 leiing etter knappe timen spelt, så har vi avgjort denne kampen og det handlar om å kontrolere inn sigeren.
Molde har nok meir ball enn oss, men skapar særs lite klare mulighetar. Framover kjem vi til nokre farlighetar, men det skortar litt på presisjonen til å kunne rulla
inn endå fleire mål.
Til slutt vinne vi med ein fortjent og effektiv 5-1 siger!
Kaptein Solveig Engås om kampen :
Selv om ikke alt stemte i dag og vi periodevis blir løpende litt imellom, var vi effektive og skåret fem fine mål.
Til tider mange gode kombinasjoner og mye trøkk på dødball.
God innsats fra alle både hospitanter og AaFK Fortuna -spillere, resulterte i en deilig seier på Aker stadion 😊
Trenarkommentar :
5-1 borte mot Molde er eit imponerande resultat!
Samstundes er det viktig å sjå bak resultata, i dag leverte vi ingen makskamp og vi var effektive.
Eg vil beskrive dagens kamp som ein «gråværsdag», det «solglimta» inn i mellom lyste på sitt aller sterkaste.
Sjølv om vi gjerne vil ha ballen meir og styre spelet i større grad, så la spelarane ned ein enorm vilje og løpskraft.
Vi var beste der fotballkampar blir avgjort, i og rundt begge 16 meterane.
Som trenar er alltid det viktigaste å ha fokus på dei spelarane ein til ei kvar tid har til disposisjon, det er dagens kamp eit nytt klart bevis for. Samstundes kan det vere greitt og nemne at medan Molde ikkje har nokre spelarar over 20 år i «bakhand», til sitt damelag, så har vi heile 10 spelarar som ikkje kan spele på grunn av alder. Tek vi også med at vi i dag mangla tre klassespelarar som er under 20 år i Gulbrandsen, Ferstad og Røn, så seier det det meste om den bredda og klassen vi har i dagens tropp!
Klare og sterke sigrar over Herd og Molde i dei to siste kampane, viser at vi jobbar særs godt for tida.

Ein strålande innsats og viktige bidrag i dag frå våre «gjestespelarar», Tuva og Line frå Herd og Signe frå Volda.
Desse jentene har vore med i kampar tidlegare for oss. Kjekt å kunne gje Herd sin spennande 05-modell, Anna Lervik, muligheten for første gang i den oransje drakta i dagens kamp.
Eg likar alltid å ha fokus på laget, men det må vere lov å kunne dra fram Benedicte i dag.
No er ho verkeleg i ei god utvikling og spelar i dag ein nesten prikkfri kamp med fleire sterke bidrag i målet vårt.
Å kunne bygge opp ein ny spennade lokal keeper er kjekt – i dag er eg sikker på at ho leverte ein av sine beste kampar nokon gang mellom stengene !
Neste treningskamp blir neste helg, men motstandar og tid/stad er ikkje endeleg fastsatt.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna