Her får de ei flott oversikt over AaFK Fortuna sin spelarstall for 2020 sesongen, med utgangspunkt i kor spelarane kjem frå.
Spelarstallen vår består pr. no av 18 spelarar( 16 utespelarar + 2 keeperar).
I denne oversikta så er utgangspunktet heimplassen til spelarane og moderklubben deira(kva klubb dei starta å spele fotball i).
Nokre fakta om troppen :
- Yngste spelar i troppen er Guro Hammer Røn, 15 år(fyller 16 i november).
- Elste spelar i troppen er Agata Droździk, 27 år.
- Gjennomsnittsalderen i troppen på dei 18 spelarane er 19,5 år.
- Troppen består av spelarar frå 12 ulike klubbar og 8 ulike klubbar på Sunnmøre.
- 13 av 18 spelarar kjem frå Sunnmøre(72 %).
- Mette Osvold Muri som går inn i sin 8. sesong i klubben og har spelt 138 offisielle kampar er klubbens største «veteran».
- Vi har to spelarar som kjem frå utlandet i troppen, Daniela(Island) og Agata(Polen).
- Blindheim IL er den klubben som har flest spelarar i dagens tropp med sine 3, tett følgde av Skodje IL og Ravn IL med 2 kvar.
Eid IL frå nabofylket i sør har også 2 spelarar i troppen.

Litt fakta og informasjon om spelartroppen vår, medan vi ventar på at vi skal få spele fotballkampar igjen
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna