AaFK Fortuna – Molde
Treningskamp U20 Aksla Stadion 18.09.
På ei fantastisk grasbane på Aksla og ein flott høstkveld, så spelte vi fredag høstens tredje treningskamp mot Molde.
Resultat : 4-2(1-2).
Tribune : Ca.60 tilskodarar.
- Mål :
- –0-1 9 min. Molde kastar ved midtbana, vi er litt uheldige i eit par situasjonar der vi sklir og ei klarering går i Moldespelaren som får med seg ballen og drive 30 meter med ballen før ho skyt i mål i næraste hjørne.
- -0-2 18min. Molde sin stoppar slår ein lang diagonal ball rett inn bak oss, og vi nølar både i forsvarsrekka og på keeperplass og då er Moldespissen først på ball og heddar inn 0-2 leiing.
- -1-2 28min. Nora er får kontroll på ei igangsetting frå Moldekeeperen, spelar vidare til ei Guro som sete fart på kanten. Ho kjem seg fri og får slått ut 45 grader, der blir det litt «klabb og babb», før Anna får lagt ut til Ellijanne på 11-12 meter og hennar avslutning går via ein Moldespelar og i mål.
- -2-2 54min. Nora skrur corneren direkte i mål via Molde sin keeper i næraste kryss!
- -3-2 83min. Etter eit kast nede ved sidelinja, så spelar Vilde Helle fri like utanfor 16 meteren og innlegget svingar ho perfekt inn på bakre stolpe der Solveig berre kan styre ballen i mål med hovudet frå 5-6 meter.
- -4-2 90(+3)min. Nora slår dagens 12. corner for oss, der Molde heddar første forsøk ut i returrommet og der står Tuva som frå 22-23 meter sender avgårde eit skudd som går over keeper og i mål.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Helle O. Rindal, Nora M. Ferstad
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Guro H. Røn
Bytter :
-45min. Guro ut og Signe Vinjevoll inn.
-60min. Daniela ut og Tuva Standal inn.
Kampen :
Førsteomgangen er i store periodar strålande gjennomført av oss mot eit lavt liggande Moldelag.
Vi er på frå avspark og det tek heile 8 minuttar før vår keeper Bennedicte er i kontakt med ballen.
10 minuttar seinare har ho framleis kun vore i kontakt med ballen i spel den eine gangen, men ho har måtte plukka to Moldeskåringar ut av nettet. For i ein periode vi har styrt kampen totalt og skapt sjansar, så har Molde straffa eit litt «sløvt» forsvarsspel ved eit par høver nådelaust.
Anna x 2, Guro x 2 og Daniela og Solveig har alle store sjansar til å teikne seg på skåringslista før pause, i tillegg har vi mange dødballar og ein del nestenmulighetar. For vår del blir det med Ellijanne si skåring etter knappe halve timen spelt før pause.
Molde skapar lite framover, men får ein stor mulighet etter eit smart frisparkstrekk.
Etter å ha levert høstens beste omgang med fotball, så ligge vi under 1-2 til pause.
Andreomgangen er ikkje veldig ulike førsteomgangen spelemessig, der vi styrar og har klart mest ball mot eit Moldelag som vil forsvare seg tett og kompakt lavt i bana.
Kun 3 minuttar ut i omgangen får Anna ein gigamulighet, då Solveig spelar ho fri rett framfor mål, men Molde sin gode keeper reddar avslutninga.
I kampens 54. minutt er vi endeleg like med Molde i målprotokollen, då Nora nok ein gang viser sin klasse og x-faktor med sin venstrefot.
Sjølv om vi fortsatt har mykje ball og har kontroll på kampen, så skapar vi ikkje dei klare skåringsmulighetane før vi har spelt over 80 minuttar. Til slutt får vi heldigvis betalt for innsatsen spelarane har lagt ned og avgjer kampen særs fortjent i vår favør.
Kaptein Solveig Engås om kampen :
Etter å ha ligget under, litt ufortjent, med to mål er det deilig å dra i land seieren.
Vi startet kampen bra og Molde er knapt over midten første kvarteret.
Vi har en del store sjanser, men mangler litt trøkk for å få ballen i mål.
Vi får med oss en redusering før pause som gir ny motivasjon inn i andre omgang.
Mange sjanser ble det også i andre omgang, som resulterte i tre fine mål.
Vi var tålmodige og fortsatte det gode spillet som viste seg å gi resultat til slutt.
Trenarkommentar :
Sjølv om langt frå alt er perfekt, så er eg meget godt fornøgd med denne prestasjonen!
Molde er eit spennande og utviklande lag å møte, då dei endrar formasjon frå kamp til kamp og dei spelar ein type fotball der dei ynskjer å beherske eit eige spel.Spesielt før pause er eg imponert over vårt offensive spel mot etablert forsvar og vårt høge press. I tillegg er eg sjølvsagt meget imponert over moralen og viljen vi viser til å kunne vende eit 0-2 resultat til 4-2 siger.
På dei tre siste U20 kampane vi har spelt, mot Herd(7-0) og Molde( 5-1 og 4-2), så har vi vunne tre klare sigrar med ein imponerande målskilnad 16-3.
Bakover har det vore mykje bra i kampane, medan ikkje minst framover i bana viser vi gang på gang kor mykje kvalitet vi har i laget både i form av enkeltspelarar og eit kollektivt angrepsspel.
Sjølv om seriespelet for 2020 er avlyst, så skal vi fortsette å jobbe hardt på treningsfeltet kvar veke og ikkje minst spele dei treningskampane vi kan for å «bøte» på situasjonen.
Neste treningskamp blir neste lørdag 26.september kl.13.00 mot Herd på Aksla.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna