Rosenborg 2 – AaFK Fortuna
Sodvinhallen 07.03.
Resultat : 1-1(0-0).
Tribune : ca. 30.
Mål :
- 64min. Agata sin corner går gjennom heile feltet og over til Nora utanfor 16 meteren. Ho svingar inn eit perfekt innlegg, der Kristine kan vakkert hedde inn skåring i krysset frå 7-8 meter.
- 90(+1). Vi får halvklarert ein RBK 2 corner to gangar, før ballen til slutt landar på 16 meteren. Der går skuddet frå RBK 2 via vår spelar, endrar retning og går i mål bak ei sjanselaus Marthe i målet.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Vilde Kroken, Cecilie Otterlei, Kristine Gulbrandsen, Ellijanne Anderson
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Amalie E. Sandvik
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Ingrid Vatne
Innbytter :
- 46min. Mette ut og Solveig Engås inn.
- 46min. Anna ut og Guro Røn inn.
- 46min. Ingrid ut og Agata Droździk inn.
- 60min. Cecilie ut og Helle O. Rindal inn.
- 60min. Vilde ut og Stine O. Muri inn.
- 60min. Amalie inn og Natalie G. Nilsen inn.
- 60min. Daniela ut og Nora M. Ferstad inn.

Kampen :
Mot eit ungt og løpsvilling RBK 2 laurdag, så er det ein jamnspelt og sjansefattig førsteomgang.
Nærast skåring er RBK 2, då dei skyt eit frispark i tverrleggaren og det blir ein farleg retur.
Etter sidebytte køyrer vi kampen totalt og skapar fleire store målsjansar både før og etter at vi skårarar vårt mål ved Kristine, på eit perfekt innlegg frå Nora etter 64.minuttar.
På overtid mistar vi sigeren, då vi ikkje får klarert ein corner og RBK 2 får utlikne.
Ein periodevis bra kamp av oss der samtlege 18 spelarar spelar minst 30 minuttar.
Store målsjansar i kampen : 6-2 til oss.
KIL/Hemne – AaFK Fortuna
Sodvinhallen 08.03.
Resultat : 2-3(0-0).
Dommar : Per Ivar Stadberg.
Tribune : ca. 60.
Mål :
- 1-0 13min. Vi får klarert KH sin første corner, men dei får spelt ballen ut igjen på kanten og svingar inn eit innlegg mellom keeper og forsvar som kjem først på og set i mål frå 5-6 meter.
- 2-0 54min. På ein ny KH-corner, så gleppe vi i markeringane og Mari Borgen får gå opp og hedde inn sitt andre mål for dagen.
- 2-1 61min. Agata gjere ein fantastisk 1F-jobb i to tre situasjonar og tvingar fram ei upresis pasning frå KH. Den snappar Anna, tek med seg ballen ca. 20 meter før ho frå vel 20 meter løftar ballen med venstrafoten i ein perfekt bue over keeper og i mål.
- 2-2 63min. Nora kastar i beina på Anna som flikkar perfekt vidare til Ingrid. Ho fossar forbi forsvararen og blir holdt inne i KH-sin 16meter. Straffa sete Anna sikkert i mål.
- 2-3 88min. På KH sin corner, så straffar vi dei på kontring etter at vi først har gjort ein strålande defensiv jobb. Anna klarerar opp mot Ingrid og Guro. Først er det Ingrid som får kontroll og får spelt Guri heilt åleine med keeper. Keeper leverar ein god beinparade på Guro si avslutning, men heldigvis føl Ingrid på og returen set ho sikkert i mål frå ca. 16 meter.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helle O. Rindal, Nora M. Ferstad
Agata Droździk, Mette O. Muri(K), Natalie G. Nilsen
Solveig Engås, Anna Brenne, Guro H. Røn
Innbytter :
60min. Solveig ut og Ingrid Vatne inn.
65min. Helle ut og Kristine Gulbrandsen inn.
65min. Stine ut og Vilde Kroken inn.
65min. Natalie ut og Amalie E. Sandvik inn.
65min. Nora ut og Ellijanne Anderson inn.

Kampen :
Mot eit godt KH-lag, som nok var litt prega av tøff kamp dagen før(2-2 mot Rosenborg) og 2-3 par spelarar ute med skade, så var det rett og slett klasseskilnad i vår favør søndag. At det står 0-1 til KH til pause er nesten utruleg å fatte.
Etter nokre hektiske og rufsete første 10 minuttar, så leverar vi 35 minuttar med fantastisk god offensiv fotball og strålande defensiv kontroll. Vi skapar fleire store, ja, då snakkar eg om verkeleg store målsjansar. Anna får også ei skåring feiaktig annulert for offside, etter praktfullt angrepsspel av oss.
I pausa er vi storfornøgde med prestasjonen vår, og fortsette vi slik er det ikkje mogleg å unngå å vinne denne kampen meinar vi……
Andreomgangen startar som den første avsluttar, med at vi teke tak i taktstokken og går omtrent rett i angrep og startarå skape målsjansar. Då KH igjen er dødeleg effektive på corner, er det vanskeleg å fatte at vi kan ligge under 2-0 i denne kampen…
Heldigvis skal vi få betalt etter kvart !
I løpet av 2-3 minuttar i det vi har passert timen spelt, så skårar vi to raske mål ved Anna, det siste på straffespark.
Som sagt var dette dagen der spelet var periodevis fantastisk bra, men å få ballen i mål var ikkje like lett.
Etter mykje «stang ut» både i denne kampen og dei siste treningskampane, så var det rett og slett utruleg godt for heile gjengen å få med seg ein siger igjen og dette må ha vore ein av tidenes meste fortjente sigrar 😊
Store målsjansar i kampen : 12-2 til oss.
Kaptein Mette om kampane og helga
Enda ei fin fotballhelg er lagt bak oss og med gode prestasjoner både lørdag og søndag.
Lørdag kom vi litt sent i gang i kampen og var litt på etterskudd i en del situasjoner.
Dette tok seg opp i andre omgang og vi leverte en veldig god omgang.
Søndag leverte vi en av de bedre kampene i oppkjøringen så langt og vi ser at vi begynner å ta steg som lag.
Også kjekt at vi i denne helgen får med oss gode resultat mot god motstand.

Trenarkommentar
Ny god kamphelg mot gode lag – særs viktig og tøff matching som gjere at vi får svar.
Vi får svar på enkeltspelarar sine prestasjonar, vi får svar på laget sine prestasjonar og vi får svar på kva fasar som fungere og kva vi må jobbe meir med.
Fasiten etter helga inneheld både plussar og minusar, men definitivt mest plussar.
Vi har ein jamnare og betre spelarstall enn på veldig lenge, det er det ingen tvil om ! Konkurransesituasjonen er stor og alle i dagens tropp er meir enn gode nok til å gjere ein meget god jobb for laget, det er både kjekt og sjølvsagt utfordrande når alle vil spele heile tida. Ynskjer vi å bli betre, så er dette både viktig å avgjerande for å få gode treningar og høgt nok nivå på treningane til at vi utviklar oss nok.
Seks veker før seriestart er vi i rute og eg veit at vi vil bli endå betre når vi går inn i april månad.
Neste treningskamp er mot Kaupanger på Eid idrettspark lørdag 21.mars kl.14.00. Før den tid møter vi Herd i J19 kamp på Amfi Moa stadion tirsdag 17.mars kl.18.15.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna