Denne helga har AaFK Fortuna vore på langtur til Bergen der vi har fått matcha oss mot gode lag og hatt det kjekt saman sosialt.

Foto : Hordalandsfotball

Åsane – AaFK Fortuna

Vestlandshallen 28.02.

Resultat : 2-0(1-0).
Tribune : ca. 40.

Mål :

  • 1-0 21min. I ein situasjon der vi i utgangspunktet har kontroll, så klarerar vi rett i ein Åsanespelar. Åleine i god posisjon avsluttar Åsanespelaren sikkert i lengste hjørne.
  • 2-0 51min. Vi frispelar i backrekka, før Åsane snappar ei upresis pasning. Åsane kontrara då på oss og sleppe ballen ut på 16 meteren, der dei bankar ballen i mål.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Solveig Engås, Anna Brenne, Ingrid Vatne

Innbytter :
56min. Oda ut og Guro H. Røn inn.
70min. Stine ut og Vilde Kroken inn.
70min. Agata ut og Helle O. Rindal inn.
75min. Kristine ut og Ellijanne Anderson inn.

Kampen :
Til tross for ein lang busstur, så startar vi kampen meget friskt !
Dei første 10-15 minuttane er vi det beste laget og får omgangens første store målsjanse, då Ingrid snappar ballen frå Åsaneforsvaret og kjem åleine med keeper.
Keeper kjeme ut og gjere ein god inngripen, medan Ingrid blir hekta opp i siste sekund av ein forsvarsspelar.
Kansje straffespark ?

Etter kvart teke Åsane meir over styringa og helde den resten av omgangen.
Til tross for overtaket så forsvarar vi oss godt defensivt, men klarar å etablere for lite spel sjølve då vi mistar ballen for lett.
Åsane får to gåvepakkar av oss, først i det 20.minutt då vi spelar ballen rett i beina på spissen deira, men slepp unna med skrekken.
Kun vel minuttet seinare gjere vi omtrent ein identisk feil, og då blir vi straffa, 1-0 Åsane.

Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball
Foto : Hordalandsfotball

Som sagt førar Åsane resten av omgangen, men ingen av laga klarar å skape fleire klare målsjansar inn til pause. Ei fortjent 1-0 leiing til vertane.

I andreomgangen skiftar kampbildet totalt, der det no er vi som førar kampen og ikkje minst skapar målsjansane.
Likevel er det Åsane som igjen straffar oss etter 51 spelte minuttar og aukar til 2-0 leiing.
Den siste havltime av kampen trykker vi heimelaget bakover i bana og skapar 4-5 meget store målsjansar.
Blant anna er Anna åleine med keeper, Ingrid skyt i stolpen, Mette avsluttar like over frå god posisjon og Guro får ein mål annulert i det som i beste fall må ha vore ein meget hårfin offside. Det stod med andre ord ikkje på mulighetane for å både redusere og utlikne. Åsane skapar lite framover i denne omgangen, men like før slutt får dei ein ok skuddmulighet frå vel 16 meter, men Marthe reddar sikkert.
Ein fartsfylt og intensiv fotballkamp enda då med ein litt flatterande 2-0 siger til vertane.

Store målsjansar : 5-4 til oss.

Vår tidlegare spelar Ida Skaar Kroken spelte heile kampen for Åsane.

Fyllingsdalen – AaFK Fortuna

Vestlandshallen 01.03.

Resultat : 1-0(0-0).
Tribune : ca. 40.

Mål :

  • 72min. I frispelingsfasen spelar vi på oss eit brudd i farleg posisjon, og då straffar Åsanespelaren oss nådelaust. Ho sete full fart framover i rommet ho får og frå ca. 18 meter limar ho ballen i mål heilt inne ved stolpen.

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde, Cecilie Otterlei, Helle R. Olsen, Ellijanne Anderson
Mette O. Muri(K), Nora M. Ferstad, Agata Droździk
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Guro H. Røn

Innbytter :
46min. Mette ut og Solveig Engås inn.
46min. Cecilie ut og Kristine Gulbrandsen inn.
46min. Daniela ut og Ingrid Vatne inn.
62min. Nora ut og Oda S. Tennfjord inn.
62min. Vilde ut og Stine O. Muri inn.

Kampen :
Vi byttar 6 spelarar og gjere heile 7 endringar frå laget som starta mot Åsane. Likevel levera vi ein meget god kamp og er det klar beste laget spele og sjansemessig.
I førsteomgangen førar vi kampen omtrent heile tida, er aggressive i presset vårt og sleppe Fyllingsdalen til lite eige spel. Vår særs spennande spelar Guro kjeme til 3 store sjansar etter meget godt angrepsspel, men dessverre er ei avslutning i stolpen det nærmaste vi kjem nettmaskene. I tillegg var vi 4-5 andre bra skåringsmulighetar.
Fyllingsdalen skapar lite på oss, heilt fram til omgangens 41. minutt, då kontrar dei og legge ut 45 grader og frå meget god posisjon avsluttar dei utanfor. Laga tek då pause på 0-0 etter ein omgangen der vi bør ha med oss ei leiing.

Etter pause har periodevis Fyllingsdalen litt meir ball, men det er utan tvil vi som førar det meste av omgangen.
Vi skapar også etter sidebytte 4 store skåringsmulighetar, og ikkje minst har vi fleire potensielle mulighetar, der vi vel feil eller blir for upresise i det siste valget vårt.
Fotball er slik at set ein ikkje sjansane ein skapar, så vil det alltid dukke opp ein mulighet eller to til motstandaren. Denne kampen er ikkje noko unntak, og når Fyllingsdalen får muligheten så straffar dei oss direkte. Dermed endar ein kamp vi kunne vunne 3-0, med tap 0-1 mot eit godt Fyllingsdalenlag.

Store målsjansar : 6-3 til oss.
Vår tidlegare spelar Kari Erstad Skovly spelte omtrent heile kampen for Åsane.

Kaptein Mette om kampane og helga
Ei lærerik og godt utnyttet Bergenshelg er unnagjort, der vi har fått jobbet som lag både på og utenfor banen.
Kampene har vært svært lærerik for oss, der vi har møtt god motstand mot både Åsane og Fyllingsdalen.
Selv om vi ikke får me oss noen seirer, har vi likevel fått vist litt av potensialet som er i laget.
Vi ser også igjen mye av det vi har trent på i det siste og at vi i enkelte spillfaser har tatt nye steg.
Samtidig som vi har fått en del svar på hva vi må trene mer på!
Det har vært ei kjekk helg også sosialt, med blant annet escape games!
No begynne vi å glede oss til seriestart……😊

Trenarkommentar
Det er slike kampar vi treng og må spele skal vi utvikle lag og enkeltspelarar !
Vi må møte motstand som utfordrar oss i alle spelets fasar, det gjorde vi denne helga.
Åsane spelar i 1.divisjon og har enkeltspelarar som viser kor lista ligg.
Fyllingsdalen er eit topplag i si 2.divisjonsavdeling og har tidlegare toppspelarar i laget, pluss mange andre gode spelarar.
Vi viser at vi i fleire fasar har teke nye steg og at vi i andre fasar har meir å gå på.
Vi har også rotert mykje på laget, fordi vi ynskjer at alle skal få muligheten til å utvikle seg og kjempe om ein plass i start 11àren.
At vi til tross for så mange endringar og bytter likevel leverar gode prestasjonar gjere med veldig optimistisk.
To kampar der vi kunne ha vunne begge, men endar opp med to tap.
Vi jobbar vidare og ser fram til fortsatt utvikling i laget.

Neste helg er det nye gode motstandarar som står for tur, då tek vi turen til Kyrksæterøra.

Laurdag møter vi Rosenborg 2 og søndagen møter vi KIL/Hemne.

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Sjå fleire bilder får helga her !