AaFK Fortuna U20 vs Molde G14 Nasjonal
Treningskamp Aksla Stadion 11.08.
4 dagar etter 1-1 oppgjeret mot Molde sine damer, så var vi i dag klare for å matche oss mot Molde sitt G14 lag.
Resultat : 1-2(1-1).
Dommar : Alf Furland.
Tribune : 90 tilskodarar.
Mål :
-1-0 35min. Daniela kjem seg fri på høgrekanten, slår inn i feltet der Jenny si avslutning blir blokkert, men Guro er på plass på returen og får satt ballen i mål frå kort hald.
-1-1 43min. Vi står å «sove» litt på eit kast imot, og då sleppe ein Moldespiss fri og får satt ballen i mål.
-1-2 83min. Etter litt fram og tilbake, så slepp ein Moldespelar fri på ca. 20 meter og han får upressa skru ballen i mål i lengste hjørnet.
Skåringa til Guro var den første i den oransje drakta etter overgangen frå Blindheim.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen, Signe Vinjevoll, Ellijanne Anderson
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling
Daniela Gudnadottir, Anna Brenne, Guro H. Røn
Bytter :
-46min. Kristine ut og Julia Vik Remøy inn.
-60min. Daniela ut og Hilde Bjåstad inn.
Kampen :
På ny låg ei strøken Akslamatte klar til å ta imot to fotball-lag som ynskjer å spele offensiv og utviklande fotball.
Førsteomgangen er godt gjennomført i dag, der vi er særs solide defensivt med ei strålande Kristine i spissen.
Samstundes skapar vi 4-5 store målsjansar sjølve, som skal og bør gje oss meir enn eit mål.
Fram til Molde skårar like før pause så har vi vore nesten prikkfrie defensivt, så difor er det litt surt å ikkje ta med oss leiing inn i pausa.
I andreomgangen blir det mykje endring av relasjonar, samstundes som vi nok merkar litt at det har vore ei tøff veke.
Dette gjere at Molde får komme til ein 3-4 store sjansar, der eit utnyttar ein av dei til å avgjere kampen nokre minuttar før slutt.
Vi blir litt for ofte upresise med ball etter sidebytte, noko som gjere at vi for skjeldan får satt opp gode angrep.
Likevel har både Julia og Solveig kvar sin store mulighet til å skåre for oss.
Totalt sett ein jamn fotballkamp, der vi presterar litt for ujamnt til å sikre oss sigeren.
To kampar denne veka mot god motstand gjev oss gode referansar å svar å jobbe vidare med framover.
Kaptein Solveig Engås om kampen :
Det er alltid gøy å spille kamper mot guttelag. Da blir vi presset på tempo og vet at det må trykkes ordentlig til.
Utover i førsteomgang får vi flere store sjanser og setter opp mange fine kombinasjoner.
Etter pause blir vi trykt lenger ned i banen og sliter litt med å etablere et høyt press på et ballsikkert Molde.
Selv om det ikke ble seier i dag har vi fått god matching og mye positivt å jobbe videre med.
Stor takk til våre «gjestespelarar» for gode og viktige bidrag i dag. Signe og Kaja frå Volda, Julia frå Aksla og Hilde frå Hareid.
Kjekt å kunne gje unge lovande fotballjenter frå klubbane rundt oss muligheten til å prøve seg saman med våre gode spelarar.
Neste kamp blir truleg mot Herd U20 nest lørdag.
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna