Molde – FK Fortuna Ålesund
6.serierunde 01.06. Aker stadion.

Resultat : 4-1(2-0).
Gule kort : Mette O. Muri, Vilde S. Kroken og Anna Brenne.
Dommar : Bjørn Enaasen, Clausenengen FK.
Tribune : Ca.100 tilskodarar.
Mål :
-1-0 10min. Vi legg Emma Godø i bakken i feltet. Ho set straffa sikkert i mål.
-2-0 28min. Vi spelar på oss brudd i frispelinga og bliver straffa nådelaust då ein Moldespelar blir spelt åleine med Marthe og skårar.
-3-0 81min. Vi blir kontra på etter vår corner og åleine med Marthe skårarar Molde sikkert.
-4-0 90(+2)min. Vi spelar på oss eit brudd, er i ubalnse og Molde straffar oss på nok ei kontring.
-4-1 90(+3)min. Etter litt fram og tilbake inne i 16 meteren, så spelar Mette til Solveig som avsluttar flott i mål frå 8-9 meter.
Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Oda S. Tennfjord og Vilde S. Kroken
Kari Skovly, Solveig Engås, Ingrid Vatne
Anna Brenne
Innbytte :
-60min. Ingrid ut og Daniela Dögg Gudnadottir inn.
-60min. Oda ut og Stine Reite inn.
-60min. Vilde ut og Martine A. Olsen inn.
-82min. Kristine ut og Helena L. Vattøy inn.
-82min. Stine ut og Ellijanne Anderson inn.
-82min. Anna ut og Amalie E. Sandvik inn.
Amalie Eidem Sandvik debuterte i Fortunadrakta etter overgangen frå Herd.

Kampen :
Det er Molde som tek iniativet i kampen heime på sitte eige stadion.
Molde er direkte og truar inn bak oss, medan vi gjere det motsatte og spelar på oss brudd fleire gangar på eigen banehalvdel.
Etter eit par nestenmulighetar for heimelaget, så blir det straffe til Molde då Kristine legg Emma Godø i bakken.
Straffa set same Godø sikkert i mål til 1-0 etter 10 spelte minuttar.

Kun eit par minuttar seinare kjeme Molde til ein ny god sjanse, men vi får redda unna i siste sekund.
Etter at det første kvarteret er over, så jamnar kampen seg meir ut og vi får meir kontroll.
Vi klarar å skape eit par nestensjansar og er veldig nære skåring då Nora svingar reit innlegg inn i boksen, der Kari er særs nære på å få satt ballen i mål.
Likevel er det Molde som utnyttar ein feil frå oss på eigen halvdel i frispelinga, og sender Halset åleine med Marthe og går i 2-0 leiing.
Like etterpå får Molde nok ein stor målsjanse, men vi sleppe med skrekken.
Dei siste 10 minuttane inn mot pause klarar vi ved fleire høve å etablere oss høgt oppe på Molde sin banedel, men vi blir for ofte alt for upresise og ubesluttsomme. Vi får ein bra mulighet på eit nytt innlegg frå Nora,
men Solveig si hedding frå bra posisjon går over Moldemålet.

Vi prøvar å løfte oss i andreomgangen og gjere absolutt det.
Spelemessig er det stort sett vi som har ballen mot eit heimelag som legge seg lavare i bana for å kontrolere leiinga si. Likevel skapar vi veldig lite frykteleg farlege greier framfor Molde sitt mål.
Vi vel ofte feil løysningar med ball og har for lite bevegelse og samhandling til at vi får utnytta overtaket med ball.
Molde skapar heller ikkje veldig mykje, men er mykje mer bestemte og farlegare når dei først utfordrar oss.
To kontringar dei siste 10 minuttane utnyttar dei nådelaust til å auke leiinga si, før vi får eit trøstemål ved Solveig på overtid.
Ein fortjent siger til heimelaget !
Kaptein Mette om kampen :
En kamp som rett og slett er langt under pari.
Vi er ikke på fra start og Molde får gjøre akkurat som dei vil.
Vi hever oss i 2.omgang, der vi står mer opp i duellene og tørr å bruke ballen, likevel klarer vi aldri å skape noe voldsomt på Molde.
Denne kampen var et steg tilbake fra der vi har vært i det siste, og det må vi lære av.
Vi skal legge dinna kampen bak oss og jobbe hardt for å klare å snu det hjemme mot KIL/Hemne.

Trenarkommentar :
Etter ein lengre periode med gode prestasjonar og gode resultat, så var lørdagens fylkesderby ein stor nedtur.
Vi føl ikkje kampplanen frå start, vi tapar duellane, vi står ikkje samla som lag og vi gjere enkle feil.
Då blir sjølvsagt konsekvensane av dette tap i ein toppkamp.
Å skape ein god prestasjon var utgangspunktet vårt før lørdagens kamp, det lykkast vi på ingen måte med.
Vi er fullt klar over at å tape fotballkampar er ein del av gamet, det som er mykje meir skuffande er at prestasjonen vi levarar er langt unna pari.
I denne toppkampen knuser Molde oss på innsats og duellspel!
No har vi satt oss sjølve i ein utfordrande posisjon, der Molde no seglar opp som den store og klare favoritten i 2.divisjon avd. 6.
For vår del må vi bruke kommande veke godt, då ei ny tøff utfordring står for tur kommande lørdag.
Det er no vi må steppe opp og vise om vi ynskjer å slå tilbake!
Andre kampar i helga :
KIL/Hemne – Hødd, 7-1.
Tabell :
Molde FK, 5 kampar, målskilnad 15-2 og 15 poeng.
Fortuna Ålesund, 6 kampar, målskilnad 24-5 og 13 poeng.
KIL/Hemne, 5 kampar, målskilnad 13-4, 12 poeng.
Herd, 5 kampar, målskilnad 6-7, 8 poeng.
Hødd, 6 kampar, målskilnad 7-15 og 7 poeng.
Trondheims Ørn 2, 4 kampar, målskilnad 10-10, 5 poeng.
Træff, 5 kampar, målskilnad 8-8, 3 poeng.
Nardo, 4 kampar, målskilnad 5-15, 3 poeng.
Sunndal, 6 kampar, målskilnad 1-28, 0 poeng.
Vår neste seriekamp er heime mot KIL/Hemne på Aksla stadion lørdag 8.juni.
Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund