AaFK Fortuna – Herd
Treningskamp U20 Color Line Stadion 08.12.
På ein fantastisk fin desemberkveld i flomlyset på CLS, så avslutta vi sesongen 2020 med eit tett og intenst byderby mot Herd.
Resultat : 3-2(1-1).
Tribune : Ca.70 tilskodarar.
Dommar : Alf Furland.
Slik starta vi : 1-4-3-3.
Benedicte Lund Berge
Daniela Gudnadottir , Helle O. Rindal, Signe Vinjevoll, Olivia Wemby
Solveig Engås(K), Ellijanne Anderson, Jenny Fylling,
Julia V. Remøy, Guro H. Røn, Karoline Lande
Bytter :
- -46min. Karoline ut og Kaja Thunem inn.
- -70min. Olivia ut og Karoline inn igjen.
- -85min. Jenny ut og Olivia inn igjen.
Mål :
- -1-0 3min. Ellijanne plukkar opp ei Herdklarering på ca. 25 meter, touchar den inn i rommet framfor seg og skyt strålande i mål i lengste hjørnet frå ca. 20 meter.
- -1-1 23min. Herd bryte eit innkast frå oss høgt oppe i bana, kjem seg til dørlinja og legge 45 grader ut der Jenny Østrem skårar.
- -1-2 55min. Herd kombinerar fint nede på si Venstre side, før dei slår eit glimrande innlegg i boksen vår, der Sara Suleimann heddar flott i mål frå 7-8 meter.
- -2-2 77min. Eit flott angrep mot etablert, der vi vendar ballen frå venstre mot høgre i backfiraren, får kobla på Jenny og Ellijanne sentralt. Ellijanne vendar tilbake med ein strålande pasning ut mot Karoline på venstrekanten, som slår eit godt innlegg mot førstestolpe, der Guro til slutt får putta ballen over målstreken.
- -3-2 78min. Herd løyser etter 2-2 skåringa, og vi stuper inn i press, der Solveig vinne ballen og sleppe vidare til Karoline. Ho brukar to touch på å ta med seg ballen framover, før ho frå ca. 18 meter treffe perfekt og ballen går i mål i lengste hjørne.

Kampen :
Det var ein fin fotballkamp på CLS onsdag kveld, med mange unge spennande fotballjenter i aksjon ute på den grønne matta.
Vi starta kampen meget godt og solid dei første 10-15 minuttane etter ei tidleg leiing, før Herd kjempa seg meir inn i kampen igjen utover i omgangen. Totalt sett ein førsteomgang der vi starta og slutta best, medan Herd hadde midtperioden av omgangen.

Etter ein jamnspelt førsteomgang var det ingenting å seie på at laga tok med seg 1-1 inn i garderoba.
I andreomgangen er vi det beste laget, og spesielt etter at Herd tek leiinga 2-1 ca. 10 minuttar ut i omgangen, så køyrer vi kampen godt den siste halvtimen. Herd har nokre kontringsmulighetar og ein del dødballar, utan å skape dei klare sjansane. Dei klare sjansane får definitivt vi, blant anna då vi to gangar brenne straffespark, Guro og Solveig ved kvart sitt høve. Til slutt så lykkast det for oss å snu kampen med to skåringar på under 1 minutt !
Kjekt å sjå mange nye spelarar i aksjon i ein god kamp og ta med seg ein siger inn i juleferien!


Takk til hospitantane for gode og viktige bidrag.
Signe og Kaja frå Volda, Julia frå Aksla, Karoline frå Blindheim og Olivia frå Stryn.
Kaptein Solveig Engås om kampen :
Kjekt også denne gangen med seier og med nye gode hospitanter som virkelig bidrar.
Litt ujevn prestasjon i dagens kamp, men vi står opp og viser utover i andreomgang at vi virkelig vil vinne.
Det var en tett og jevn kamp, men det var deilig å avslutte en spesiell sesong med seier.

Då var det spesielle fotballåret 2020 sin siste fotballkamp spelt for vår del !
Sportsleg helsing
AaFK Fortuna