


Tradisjonen tru avslutta Fortunafamilien fotballåret 2019 med julebord og årsfest.
I år gjekk festen av stabelen på Quality hotel Ålesund fredag kveld.
Det vart ein flott kveld med blant ulike videoar, kåringar, utmerkelsar og innslag frå spelargruppa m.m.
I tillegg var det sjølvsagt god mat og kjekt sosialt samvær 😊
Dette var siste festen før FK Fortuna Ålesund blir til AAFK Fortuna. I samband med dette hadde også Magne og Halvor eit historisk tilbakeblikk på klubben si historie.
Her kjem ei oppsummering av prisvinnarane og utmerkelsar:
Poengliga 2019 :
Mette Osvold Muri.
Anna Kristin Brenne.
Solveig Engås.

Høstligaen 2019 :
Solveig Engås.

Best treningsoppmøte 2019 :
Oda Sperre Tennfjord – 98,5 %, 131 av 133 fellesøkter.

Toppskårar 2019 :
Anna Kristin Brenne – 18 seriemål + 2 mål NM damer.

Flest assist 2019 :
Nora Myklebust Ferstad – 13 assist.

Spillernes spiller 2019 :
Mette Osvold Muri.

Best utvikling 2019 :
Anna Kristin Brenne.

Årets spelar 2019 :
Nora Myklebust Ferstad.

50 kampar for klubben :
Ingrid Vatne.
Oda Sperre Tennfjord.
Helena Lyngset Vattæy.

100 kampar for klubben :
Cecilie Otterlei.

Stine Reite(74 kampar) og Kari Erstad Skovly(67 kampar) vart også takka av på festen for si tid i klubben.
Vi takkar dei for ein strålande innsats i Fortunadrakta og ynskjer dei mykje lykke til med studiar.
Ein gang håpar vi dei kjem tilbake som spelarar for AAFK Fortuna.

No blir det litt juleferie før vi ser fram mot eit spennande 2020 som AAFK Fortuna 😊