Målmaskina vår frå Sykkylven, Anna Brenne, skada seg dessverre på treninga vår tysdag.
Undersøkingar viste ein korsbåndskade som vil setje Anna ut av spel i lang tid.

Etter å ha fått litt tid til å fordøye beskjeden seier Anna dette:
“Det va et fryktelig tungt «slag» å få ein slik skade no, som sett mej lenge ute av spel.
Uansett e målet å legge ned den jobben som krevst for å komme tilbake på fotballbana så snart som mulig.
Med støtte frå familien, lagvenninnene og klubben så e ej klar for å ta fatt på perioden framover og komme tilbake sterkare enn ej va før skaden”!

Hovudtrenar Magne har desse tankane om situasjonen:
“Dette var ein frykteleg beskjed å få. Det er veldig synd og eit stort tap for oss, og ikkje minst er det veldig tøft for Anna sjølv.
Anna er ein målskårar av ypperste klasse, som leverte ein imponerande debutsesong for oss i 2019.
Klubben vil legge alt til rette for at Anna skal komme tilbake frå denne skaden betre enn nokon gang!
Håpet og draumen må vere at Anna kan vere tilbake på slutten av 2021 sesongen og bidra til å sende oss tilbake i toppfotballen”, avsluttar Magne.

Sportsleg helsing
AaFK Fortuna

Kategorier: Nyheter