Vi er særs glade for å kunne informere om at Kristine Gulbrandsen og Nora Myklebust Ferstad
blir 100 % Fortunajenter !

Begge kom til oss på “lån” i august i samband med å skulle bidra inn mot J19 laget vårt i NM,
so skulle vi telje opp og evaluere etter sesongslutt.
Vi var ikkje eit sekund i tvil om at dette er jenter som kan prege Fortuna dei neste åra, og
når jentene sjølve ville fortsette i klubben, då er alle partar særs fornøgde.

Foto: F.v Nora og Kristine

Nora er 01 modell og kjem frå Blindheim IL.
Ho har ein særs god venstrefot, gode ferdighetar med ballen, er lærevillig og
har ei meget god speleforståing. Nora kan både bekle defensive og offensive roller.
“Det er en super gjeng i Fortuna, som har gitt meg en veldig fin velkomst til klubben.
Jeg lærer mye nytt på hver eneste trening og trivest supert både på og utenfor banen !
Vil også takke Blindheim for en flott tid i klubben og for at de alltid har lagt godt til rette
for oss jentene i klubben”, seier Nora til nettsida.

Kristine er 02 model og kjem frå Skodje IL.
Ho er ein hurtig, duellsterk og urædd forsvarsspelar. Kristine har ein strålande
mentalitet og er teken ut til landsdelslandslagssamling første helga i januar.
“Eg er utruleg glad for den muligheten eg har fått i klubben til no, og gledar
meg veldig til fortsettelsen. Eg har fått ein kjempegod mottakelse hos jentene
og trenarane og det er høg kvalitet på treningane, slik at eg lærer og utviklar meg kvar dag.
Eg må få takke Skodje for ei fin tid i klubben og ikkje minst for muligheten til å spele
med gutar”, avsluttar Kristine.

Blindheim er den klubben på Sunnmøre som har levert flest spelararar til
FK Fortuna Ålesund dei siste åra. Kristine sin overgang frå Skodje IL føye seg inn
i rekka over gode jenter frå den klubben dei siste åra, som Kristine Leine og Cecilie Otterlei.

Vi er særs takksame over det gode arbeidt som blir gjort rundt om på Sunnmøre for jentene,
som bidreg til at vi kan ha eit flaggskip på damesida.

Vi gledar oss stort til å fortsette samarbeidet med desse to unge og spennande jentene ?