Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Vi startar året 2020 med å signere vår første spelar som AaFK Fortuna i dag.
Vi hentar ein ny ung spennande landslagsspelar til klubben.

Guro Hammer Røn er 2004 modell og kjem frå talentfabrikken hos Blindheim IL Fotball.
Ho er ei ekte Blindheimsjente som har spelt for klubben sidan ho starta med fotball og ho
har også våre deltakar både i klubben sin FFO og Akademi.

På 18 kampar for Blindheim sitt damelag i 2019 har ho skåra 19 mål.
Ho har vore involvert i samtlege landskampar for J15 landslaget sitt 2004 kull.
Ho står til no med 4 landskampar og har skåra 1 mål.

Guro har ekstremt spennande ferdighetar med stor fart og gjennombruddskraft som sine alle største styrkar. Samstundes har ho gode ferdighetar som 1A og er ein målskårar. Ho kan skåre mål med begge beina og med hovudet.

Guro seier dette om å ta steget inn i AaFK Fortuna :
E gleder meg kjempemasse til å nå bli en del av AaFK Fortuna og tror det vil bli bra for utviklingen min. Nå gleder jeg meg til å få prøve meg i et tøffere miljø og utvikle meg videre for å nå mine mål. Blindheim har lagt utrolig godt til rette for min utvikling og jeg må få takke alle flinke trenere og det gode miljøet i klubben – TUSEN TAKK!

Hovudtrenar Magne seier dette om overgangen :
Eg er ekstremt glad for at vi no får Guro inn i vårt spennande prosjekt.
Guro har eg følgd tett gjennom mine år i Blindheim Fotball, og å no få ho til AaFK Fortuna og kunne bidra til å utvikle det store potensialet vidare gledar eg meg stort over. Guro har klare X-faktorar som gjere at ho direkte kan konkurrere om ein plass i vår start 11ar.

AAFK Fortuna skal vere eit klart alternativ for dei beste unge spelarane på Sunnmøre, og vi er veldig stolte over å nå ha fått inn vår 3 aldersbestemte landslagsspiller før 2020 sesongen.

Vi takkar ydmykt Blindheim IL Fotball for å ha bidrege til å ha utvikla nok ein spennande fotballspelar og at vi som flaggskip kan få lov å vere med å bidra til hennar vidare utvikling.

Vel å merke seg er at Blindheim Fotball er gjennom det siste tiåret, den klubben som har levert klart flest spelarar til Fortuna Ålesund og no AaFK Fortuna.

Velkommen til AaFK Fortuna Guro 😊

Sportsleg helsing
AAFK Fortuna